annonse

– I ferd med å stabilisera oss

Optimist
Optimist: Magne Kydland gler seg at Sunnhordland er i ferd med å stabilisera seg i lesarmarknaden, etter nokre år med nedgang. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Mediebransjen har vore gjennom tøffe år. Redaktør Magne Kydland ser lyst på situasjonen framover.

Vidar Hope

Sunnhordland sitt opplag gjekk frå 6.129 i 2016 til 6.099 i 2017, ein nedgang på 30.

– Når det gjeld totalopplaget, så har me ein nedgang på berre 30 stykk ifølgje opplagsberekninga, men dei siste åra har me hatt mykje større nedgang, og dette er eit teikn på at me er i ferd med å stabilisera oss i lesarmarknaden. Dei fleste tilbakemeldingane me får går på at folk stort sett er nøgde med produktet me lagar. Tredagarsavisa er godt motteken, og denne endringa med meir oppdatering digitalt og fyldigare og betre papiraviser har bidrege til å stansa fallet., seier ansvarleg redaktør Magne Kydland i Sunnhordland.

I dag kom også dei offisielle lesartala, som viser at Sunnhordland har 16.500 daglege lesarar på papir, 7.500 på nett og 5.200 på mobil. Totalt sett er det 20.000 som les Sunnhordland på alle kanalar kvar einaste dag.

– Dette er tal me er godt nøgde med. Me går imot straumen på papir, der me styrkja oss litt sidan sist måling, som var i fjor haust. Me går litt ned på nett, slik som trenden er i resten av landet, og me går litt opp på mobil. Det er positivt, seier Kydland.

– Elles så gjennomførte me ei marknadsundersøking før jul, der me bad lesarane om innspel til produktet. Mange svara, noko som er viktig for oss, fordi me har stort fokus på produktutvikling, og me prøver heile tida å justera innhaldet vårt i tråd med dei tilbakemeldingar me får frå lesarane, legg han til.

På landsbasis sokk papiropplaget med 6,4 prosent, medan digitalopplaget auka med 8,7 prosent, syner tal frå Mediebedriftene

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut