annonse

I helga blir det action på Sørstokken

Saab Viggen
Saab Viggen: Hovudattraksjonen blir utan tvil det svenske SAAB Viggen jagarflyet, som er eit særs ettertrakta fly på stemne i heile Europa. (Foto: Jörgen Nilsson)
Rask bil
Rask bil: Ronny Teigen skal kappkøyra med eit YAK-50 akrofly. (Foto: Ronny Teigen)
Helikopter
Helikopter: Bell UH-1 er eit helikopter som tenestegjorde i US Marines under Vietnamkrigen, operert av Stig Bakke. (Foto: Johannes Herrmann)
Dakota Norway
Dakota Norway: Det vert høve til å vera med på rundflyging i Dakota Norway sitt veteranfly av typen DC-3. (Foto: Peter Eliasson)

Fly, helikopter og ein superrask duell vert hovudtrekkplaster på flyshowet på Sørstokken neste helg.

Magne Kydland

– Laurdag 16. juni arrangerer Stord lufthamn Stord Airshow på Sørstokken. Dette blir eit arrangement for heile familien, der publikum kan få sjå fly og helikopter av ulike slag, både på bakken og i lufta. Publikum kan då sjå eit rikt utval av ulike fly og helikopter på statisk utstilling. Det vert òg høve til å vera med på rundflyging i Dakota Norway sitt veteranfly av typen DC-3, Norseman og Bell UH-1E. Det vert kappløp på rullebanen mellom Håvard Dale sitt YAK-50 akrofly, og Ronny Teigen sin Chevrolet Camaro Z28R, med 1.003 hestekrefter. Deretter blir det flyoppvisning med ulike fly og helikopter, skriv Stord lufthamn i ei pressemelding.

Følgjande fly og helikopter deltek:

* YAK 50. (Aerobatic fly, Norges einaste av sitt slag)

Rask bil
Rask bil: Ronny Teigen skal kappkøyra med eit YAK-50 akrofly. Foto: Ronny Teigen

* Dakota Norway DC-3. (Veteranfly som deltok på D-dagen i Normandie under andre verdskrig.)

* Bell UH-1. (Helikopter som tenestegjorde i US Marines under Vietnamkrigen, operert av Stig Bakke.)

* Russian Warbirds of Norway, Aero L-29. (Jet treningsfly frå den kalde krigen.)

* Modellfly

* Formasjonsflyging av 2 stk. Saab Safir

Helikopter
Helikopter: Bell UH-1 er eit helikopter som tenestegjorde i US Marines under Vietnamkrigen, operert av Stig Bakke. Foto: Johannes Herrmann

* Christen Eagle

* T-6 Harvard

* Swedish Air Force Historic Flight, SAAB J37 Viggen. (Jagarfly som har tenestegjort i det Svenske luftforsvaret.)

Hovudattraksjonen blir utan tvil det svenske SAAB Viggen jagarflyet, som er eit særs ettertrakta fly på stemne i heile Europa. Flyet har ein imponerande kort start/stopp distanse, og er difor kapabel til å lande på Stord. Dermed kjem det til å stå utstilt på lufthamna i forkant av flyoppvisninga. Ettersom flyet nyttar etterbrennar (afterburner) på lik linje med fly som Norges F-16, blir dette truleg det råaste og mest bråkete innslaget som nokon gong har blitt vist fram på Stord lufthamn. Den statiske utstillinga vil mellom anna bestå av Stordflyet, klubbfly frå Stord, Bergen og Haugesund, helikopter og business jet, heiter det i pressemeldinga.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut