Foto: Preben Ørpetveit Solberg

No er russetida i gang

Oda Clausen Sætre og russen på Stord gjennom­førte fredag den tradisjonsrike russedåpen.

Publisert: Oppdatert:
Foto: Preben Ørpetveit Solberg

På fredag samla årets russ seg rundt «Andadammen» ved Stord vgs.

Foto: Preben Ørpetveit Solberg

– Me gler oss mykje til russefeiringa, seier Karl Grov, som får seg ei pølse før dåpen.

Foto: Preben Ørpetveit Solberg

Ida Langeland (f.v.) og Lisbeth Løkling Holm fekk æra av å bera grisehovudet.

Foto: Preben Ørpetveit Solberg

Det er under dåpen at ein får russelua. Det markerer òg starten på russetida.

Foto: Preben Ørpetveit Solberg

Fabian Nakken Nicolaisen (19) er russepresident for 2024-russen. Han forklarte framgangs­metoden før dåpen.

Foto: Preben Ørpetveit Solberg

Filip Gjeraker Kaldråstøyl gjer som han blir fortalt og stappar hovudet i vatn.

Foto: Preben Ørpetveit Solberg

Seansen er ferdig når ei valfri eining med drikke er «chugga».

Foto: Preben Ørpetveit Solberg

Jonas Mjelde Sæbjørnsen kyssar grisehovudet.

Foto: Preben Ørpetveit Solberg

Etter vatn og mjøl i ansiktet, eit kyss til grisen, og ein boks med drikke, er Jonas Mjelde Sæbjørnsen ferdig døypt.