Avisa Sunnhordland har beslutta å redusera talet på papirutgåver frå og med 13. mars 2024. I dag kjem Sunnhordland ut tysdag, onsdag og fredag. Frå 13. mars kjem avisa ut tysdag og fredag.

– Me veit at papiravisa er viktig for mange av lesarane våre. Samstundes opplever me stor auke i abonnentar som les oss på mobil, nettbrett og pc. Kombinasjonen av endring i lesevanar, og kraftig auka kostnader til trykk og distribusjon dei siste åra, gjer at me denne våren gjennomfører denne justeringa, seier konstituert ansvarleg redaktør Vidar Hope.

Dei to papirutgåvene blir fyldige, med lokalt innhald. Hope oppmodar abonnentar som vil ha siste nytt om å også bruka Sunnhordland sine digitale flater.

– Skal du ha med deg alt lyt du også vera digital. Me tek det beste frå nettet inn i avisene tysdagar og fredagar. Papiravisa blir framleis viktig for oss, og me vil laga eit så godt produkt som mogleg, seier han.