annonse

Ikkje slutt på krisestemninga

Fekk svar
Fekk svar: Anne-Grete Sandtorv og Stord Næringsråd har spurt sine nærare 150 medlemsbedrifter om kva som betyr mest for dei. Om lag 50 svara, og fleirtalet meiner at Hordfast er viktigare enn både Bergensbanen, E16 og kollektivtransport i sentrale strok. (Foto: Henrik Mundal Andreassen /arkiv)

Mange har aldri opplevd noko krise, medan kvar fjerde bedrift på Stord meiner dei framleis er midt i ei krise.

Magne Kydland

Det går fram av ei undersøking i regi av Stord Næringsråd, i samarbeid med Bergen Næringsråd og dei andre medlemmene i Næringsalliansen Hordaland,

Svara frå Stord skil seg ut på eit par område. Det er éin av tre av dei spurte medlemmene i Stord Næringsråd som har svart på spørjeundersøkinga, og svara er fordelt på alle bransjar.

Hordfast viktigast

– Me ser mellom anna at for økonomisk vekst og utvikling opplever kvar fjerde bedrift på Stord at dei framleis er midt i ei «krise», mot 15 prosent i resten av Næringsalliansen. Utsiktene i forhold til å tilsetja fleire er også i samanlikning noko mindre optimistiske på Stord. Samstundes melder 45 prosent av dei spurde at deira bedrift ikkje har opplevd at det er ei «krise», opplyser dagleg leiar Anne-Grete Sandtorv i Stord Næringsråd, som har nærare 150 medlemmer medlemsbedrifter.

På spørsmål om kva som er dei fire viktigaste behova som dei meiner styrkjer konkurranseevna, er tilgang på kompetent arbeidskraft gjennomgåande viktigast for alle næringsforeiningane, mens tettare nettverkssamarbeid mellom bedrifter og betre infrastruktur spesielt vert framheva som viktig hos næringslivet på Stord.

På samferdslesektoren er Hordfast klart det viktigaste prosjektet for næringslivet på Stord, sett opp mot mellom anna Bergensbanen og E16 Bergen-Voss og kollektivtilbodet i sentrale strøk.

Vil ha med Rogaland

– Det er gjennomgåande viktig for ein samla Næringsallianse at forsking og høgare utdanning vert styrkt og at kvaliteten i grunn- og vidaregåande skule vert auka. Og viktigast av alt vert å styrkja fagutdanninga og lærlingordninga, noko bedriftene på Stord også framhevar. Bedriftene vart spurde om kva saker som stortingsrepresentantane frå Hordaland burde prioritera i sitt arbeid etter stortingsvalet. Her vert auka innovasjons- og omstillingsevne peika på som viktigast, men vegutbygging og forenkling av plan- og bygningslova kjem også høgt på prioriteringslista. Større og sterkare kommunar er viktigare for næringslivet på Stord enn dei andre næringsråda i Næringsalliansen, og ikkje minst vert ynskje om ein samla vestlandsregion som inkluderer Rogaland peika på som svært viktig for kvar tredje av dei som svara frå næringslivet på Stord, opplyser Sandtorv.

Til slutt var det spørsmål om flytting av statlege arbeidsplassar frå Oslo, og også her er det næringslivet på Stord (30 prosent) som meiner dette er svært viktig for det nye Stortinget å prioritera.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut