annonse

Ingen nye tips

Tok bilete
Tok bilete: Skøyta «Fram» blei fotografert i Granesundet i Askvoll førre torsdag. (Foto: TROND ASPERHEIM)

Hovudredningssentralen har ikkje nye spor etter den sakna stordabuen i 50-åra.

Hilde Vormedal Nybø

– Me har ikkje funne mannen. Det er ikkje spor på at båten har gått ned, og det er ingen nye observasjonar av han og båten, oppsummerer Jan Lillebøe, redningsleiar ved Hovudredningssentralen til Sunnhordland fredag morgon.

Søkjer ikkje

Lillebøe fortel at sidan ein ikkje har noko spor å gå etter, driv ein ikkje søk med leitemannskap.

– Området er for stort. Me veit ikkje kor me skal søkja, seier Jan Lillebøe.

Les også: Hobbyfotograf kjende att den sakna båten

Arbeidsmetoden er difor etterretning. Ein kontaktar hamner, slippar og bunkringsanlegg.

– Me sjekkar også ut bruer med kamera, og er i kontakt med annan skipstrafikk, seier Lillebøe.

Mellom Bergen og Stord

Den siste sikre observasjonen av stordabuen og skøyta «Fram» er i Askvoll i Sogn og Fjordane rundt klokka 14 torsdag for over éi veke sidan. Politiet har også to likelydande observasjonar av båten i nærleiken av Sotrabrua på søndag, og ein meiner difor at mannen og båten er ein plass mellom Bergen og Stord.

Les også: Familien til sakna stordabu er urolege

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut