annonse

Inn i styret i nye Vestland SV

I STYRET
I STYRET: Akhtar Chaudhry frå Stord er organisatorisk nestleiar i nye Vestland SV. Her saman med Signe Ekeland som står på 13.-plass på lista til Fylkestingsvalet i haust. (Foto: ARKIV)

Akhtar Chaudhry (57) frå Stord er med i leiarskapen i nyskipa Vestland SV.

Olav Røli

I helga vart dei to fylkeslaga Hordaland SV og Sogn og Fjordane SV slege saman til eitt nytt fylkeslag, nemleg Vestland SV. Til å leia laget vart Hege Lothe frå Gloppen valt. Ho fekk med seg Gina Barstad frå Bergen som politisk nestleiar, og Akhtar Chaudhry frå Stord som organisatorisk nestleiar. Det skriv partiet i ei pressemelding.

Chaudhry er fødd og oppvaksen i Pakistan, men har budd i Norge sidan 1982. Han er tidlegare stortingsrepresentant og justispolitisk talsperson for SV, og har også vore med i lokalpolitikken i Oslo i tre periodar. I dag bur han på Stord, og jobbar som seniorrådgjevar i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.

Vestland SV utarbeidde også lista til fylkestingsvalet til hausten. Her finn me Marthe Hammer frå Bergen øvst, medan Åsmund Berthelsen frå Sunnfjord er på 2.-plass. Først på 11.-plass finn me ein representant frå Sunnhordland, med Anne Brit Sørenes frå Bømlo. Signe Ekeland frå Stord er på 13.-plass på lista.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut