annonse

Innbrot i seks hytter

Ønskjer tips
Ønskjer tips: Politiet ber publikum om tips i saka. (Foto: Illustrasjonsfoto)

Då hytteeigaren kom opp til hytta hadde han hatt besøk av ubodne gjester. Det var det fleire som hadde hatt.

Anita Haugland

Fredag kveld melde Hordaland politidistrikt at det hadde vore innbrot i seks hytter i eit hyttefelt på Hamarhaug i Ølve, Kvinnherad.

Bergens Tidende skriv at politiet blei oppringt av ein hytteeigar i området rundt klokka 19.00.

- Han kom til familiehytta og oppdaga at nokon hadde brote seg inn. Då han tok ein runde i området såg han teikn til innbrot i fleire nabohytter, uttaler operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt til BT.

Politiet rykte ut til staden, der det totalt er 14 hytter. Dei har førebels ikkje oversikt over kva som er stole, utanom noko alkohol. Det er ikkje meldt om andre skader enn innbrotsskadane. Politiet ønskjer tips i saka.

Når det gjeld andre hendingar i distriktet det siste døgnet, melder Sør-Vest politidistrikt om glatte vegar i distriktet.

Dei melder også om at ein 23 år gammal mann blei meldt for drikking på offentleg stad like over midnatt. Hendinga skjedde på Stord.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.