annonse

Innstiller på fusjon med BKK

INNSTILLER PÅ FUSJON
INNSTILLER PÅ FUSJON: Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø (H) og forhandlingsutvalet tilrår kommunestyret å gå for fusjon mellom Kvinnherad Energi og BKK. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ILLUSTRASJON)

På bakgrunn av ei samla vurdering tilrår forhandlingsutvalet kommunestyret å vedta fusjon av nettdelen til Kvinnherad Energi med BKK.

Ingvild Siglen Berger

Det skriv forhandlingsutvalet, ved ordførar Peder Sjo Slettebø, dagleg leiar i Kvinnherad Energi AS Hermann Skromme, Ove Lemicka og Kent Are Kjørsvik Petterson, i ei pressemelding onsdag kveld.

– Forhandlingsutvalet konstaterer at forhandlingane med BKK og Haugaland Kraft har auka tilboda til kommunen, og vil etter utvalet si vurdering gje Kvinnherad kommune eit godt oppgjer for nettdelen av Kvinnherad Energi. Tilboda sikrar også dagens tilsette i selskapet på ein svært god måte, og vil tilføra Kvinnherad nye kompetansearbeidsplassar me i dag ikkje har, skriv utvalet.

Innsparing

Forhandlingsutvalet peikar vidare på at nettleiga vil gå betrakteleg ned for næringsliv og innbyggjarar, og at Kvinnherad kommune årleg vil få ei monaleg innsparing på nettleige.

– Kvinnherad Energi sin kraftproduksjon i Muradalen vert verande i Kvinnherad kommune si eige. Det vert opp til selskapet å finna gode løysingar for drifta av dette verksemdområdet, heiter det i pressemeldinga.

Les også: Slik vil han få tilbake SKL-aksjane

Godt oppgjer

Etter dialog med finansiell rådgjevar meiner forhandlingsutvalet at Kvinnherad kommune har fått tilbod om eit godt oppgjer for nettdelen, og at det er utsikter til auka utbyte til kommunen gjennom ein fusjon med BKK.

– Utvalet tilrår at oppgjeret for nettdelen til Kvinnherad Energi vert i aksjar i BKK. Kvinnherad kommune bør i det vidare vurdera om eigardelen i BKK bør aukast gjennom opsjonar og eventuelt oppkjøp, står det i pressemeldinga.

Garanti om tilsetting

I pressemeldinga står det også, mellom anna, at BKK gjev alle tilsette i Kvinnherad Energi som vert omfatta av fusjonen ein personleg garanti om tilsetting i 15 år. Vidare er forhandlingsutvalet tilfreds med at BKK slår fast at det ikkje er aktuelt for selskapet å bygga vindmøller i Kvinnherad.

– Utvalet har i si innstilling lagt særleg vekt på at tilbodet frå BKK er det tilbodet som gjev størst potensial for vidare utvikling av verksemda i Kvinnherad, skriv forhandlingsutvalet.

Les også: Heimvik blir styreleiar for BKK Nett

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut