annonse

Jakta bilførar som køyrde ned lyktestolpe

STOLPE
STOLPE: Politiet leiter etter føraren av ein varebil som laurdag kveld køyrde ned ein lyktestolpe mellom Rydland og Vik på Fitjar. (Foto: MARIUS KNUTSEN/ARKIV)

Varebil meidde ned lyktestolpe på Fitjar.

Olav Røli

Rett før klokka 20 laurdag kveld fekk politiet melding om at ein varebil hadde køyrt ned ein lyktestolpe på FV 545, rett nord for Joker Rydland på Fitjar. Stolpen vart liggjande slik at trafikken vart hindra i begge retningar.

– Meldar meinte at føraren av bilen stod fram som rusa, seier vaktleiar André Skram Hansen i Sør Vest polidistrikt, Haugesund.

Det var tre personar i bilen, men desse var forsvunne frå staden då politiet kom. Politiet leita etter personane i fleire timar, og var mellom anna på adressa til personen dei meinte hadde køyrt.

– Men me lukkast ikkje med å finna bilføraren laurdag kveld. Det vil verta oppretta sak for aktlaus køyring, seier Skram Hansen.

Politiet veit identiteten til vedkommande som skal ha køyrt varebilen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut