annonse

Jens Thoresen måtte stå skulerett etter pride-innlegg

På teppet
På teppet: Lærar og frikyrkjepastor Jens Thoresen har skapt sterke reaksjonar med eit Facebook-innlegg mot helgas homoparade på Stord. Tysdag kveld blei innlegget sletta, etter at Thoresen blei kalla inn på teppet av Stord kommune. (Foto: PER EGIL LARSEN / arkiv)

Lærar Jens Thoresen skal tysdag ha blitt kalla inn på teppet av skuleleiinga i Stord kommune, etter å ha ytra seg negativt om helgas prideparade på Stord.

Kjetil Østrem

– Me har hatt samtalar med han, der innhaldet i Facebook-innlegget var tema, seier kommunalsjef i Stord kommune, Mariann Jacobsen Hilt, til NRK.

– Gud sørgjer

Måndag posta Thoresen eit innlegg på Facebook. Her hevda han blant anna at Gud sørgjer over at det laurdag skal arrangerast homoparade på Stord, og at festivalen var å «hytta knyttnevane mot Gud.

«Gud sørgjer ikkje fordi han er fornærma, men fordi han elskar oss, og fordi han veit at det einaste som kan gjera oss lukkelege er at me følgjer han, og er lydige mot hans bod», skreiv Thoresen.

Fredagspraten i Sunnhordland: For Jens Thoresen betyr trua alt

Pastor

Thoresen er, i tillegg til å vera lærar ved Stord ungdomsskule, også pastor i Kristkyrkja på Stord. Facebook-innlegget har skapt sterke reaksjonar, og også blitt sak i riksmedia. Tysdag kveld forsvann innlegget frå Facebook. Til Haugesunds Avis fortel Thoresen følgjande:

– Det blei litt for mykje å svelgja unna. Det er den einaste grunnen. Eg har ikkje skifta meining.

Fekk beskjed

Mariann Jacobsen Hilt ønskjer ikkje å seia om det var kommunen som bad Thoresen om å fjerna innlegget, men stadfestar at samtalar med læraren blei haldne før det blei sletta. Der fekk Thoresen tydeleg beskjed om kva skuleleiinga meiner om saken, melder NRK.

– Me er opptekne av at Stord-skulen skal vera eit fellesskap der alle kjenner seg inkluderte, og der det blant anna er rom for ulike meiningar. Samstundes er det ei utfordring når tilsette uttrykkjer meiningar på ein slik måte som det er gjort i dette Facebook-innlegget. Dette er meiningar som er uttrykt veldig tydeleg av ein lærar, som nokon kan oppleva som krenkjande og som kan bidra til at nokon ikkje opplever seg som inkludert, seier Hilt.

Les også: Går saman om pride-parade i Leirvik sentrum

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut