annonse

Kablar hang ned frå taket i tunnelen

MÅTTE STENGJA
MÅTTE STENGJA: Onsdag ettermiddag vart Bømlafjordtunnelen stengt i ein kort periode grunna kablar som hang ned frå tunneltaket. (Foto: PER EGIL LARSEN/ARKIV)

Måtte stengja Bømlafjordtunnelen i underkant av ein time.

Henrik Mundal Andreassen

Rett etter klokka to onsdag ettermiddag melde Vegtrafikksentralen Vest om at Bømlafjordtunnelen hadde blitt stengt grunna opprydjingsarbeid i tunnelen.

Ein time seinare var tunnelen opna igjen med atterhald.

– Bømlafjordtunnelen er opna med redusert fart og varselskilt. Det heng kablar ned frå taket, og mannskap er i tunnelen. Køyr forsiktig, skriv Vegtrafikksentralen på Twitter.

Les også: Snart blir det snittmåling i Bømlafjordtunnelen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut