annonse

Kallevåg ny FKH-spelar

NY KLUBB:
NY KLUBB: Bømlingen Torbjørn Kallevåg (24) har signert treårskontrakt med FK Haugesund. (Foto: FKH)

Torbjørn Kallevåg (24) har signert treårskontrakt med FK Haugesund.

Marius Knutsen

Denne veka blei det klart at Torbjørn Kallevåg frå Bømlo blir FK Haugesund-spelar.

Bømlingen, som dei siste tre åra har spelt i Hødd frå Ulsteinvik, byrjar i Sildabyen frå 1. januar av, melder FKH på sine heimesider. Kontrakten med kvittrøyene strekkjer seg over tre år.

– Det er stort for meg å signera for FKH. Det er ein klubb eg har fulgt sidan eg var liten. Tanken på å få representera FKH dei neste tre sesongane gjer meg både stolt og takksam. Samstundes er det deilig å nå eit mål eg sette meg for ei stund sidan, seier Kallevåg i ei pressemelding.

Kallevåg har tidlegare spelt for SK Vard i Haugesund. Leiaren for FKH sitt a-lag, Jostein Grindhaug, er nøgd med at bømlingen no flyttar tilbake til Haugesund.

 

Kan i dag sei eg e utrulig stolt av å vær FK Haugesund-spelar frå neste sesong av. Ein drøm i mitt liv og et stort mål nådd. Glede meg utrulig masse te nye utfordringa og nye eventyr! Samtidig har eg lyst å ta et godt farvel med Hødd og Ulsteinvik dei siste fira kampane. Eg kunne aldri drømt om å ha fått et så fantastisk opphold dei tre sesongane eg har vært her. Tusen takk til alle i og rondt Hødd disse åro som har gjort da så bra, eg har blitt utrulig glad i bygdo og folko her! Hødd-hjerta og Ulsteinvikingen tar eg med meg vidare 💙 Me sjåast!

Et innlegg delt av Torbjørn Kallevåg (@kallevag)

– Torbjørn er ein spelar på veg opp og fram som har teke store steg i tida han har vore i Hødd. Me ser fram til å vidareutvikla han her hos oss. Me er alltid på jakt etter lokale spelarar som er gode nok til å markera seg i Eliteserien. I Torbjørn får me ein lokal spelar som har vist meget godt igjen denne sesongen. Han kan tilføra oss mykje, seier Grindhaug i ei pressemelding.

Kallevåg starta karriera si i Bremnes heime på Bømlo. Vidare har han spelt for Vard, og no sist Hødd IL. 24-åringen sluttar seg til Haugesund når sesongoppkøyringa byrjar i januar.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut