annonse

Kan dette vera verdsrekord?

Fekk napp
Fekk napp: Alf Ronny Kårbø viser fram sin flotte blålange. (Foto: Geir Inge Kårbø)

Alf Ronny Kårbø drog opp blålange på over 18 kilo.

Magne Kydland

– Når ein fiskar nede på 300 meters djup, så kan ein få mykje spennande. Alf Ronny Kårbø fiska etter lange og brosme i finvêret utanfor Søra-Bømlo onsdag, då han plutseleg skulle få ein ny norgesrekord. Ei blålange på hele 18,5 kilo tok kroken til Alf Ronny denne flotte sommardagen.

Det er fiskeavisen.no som torsdag kunne fortelja historia om storfangsten på Søra-Bømlo.

– Eg fiska heilt nede på botn og hadde ikkje hatt snøret ute i meir enn 15–20 minutt før eg merka at det var noko bortpå. Det var ganske beskjedent, så eg trudde eigentleg først at det var ein hå. Når eg så drog snøret litt opp så blei det såpass tungt at det verka som eg om hadde sett fast kroken i botn. Eg merka fort at det var fisk og at han var stor. Heldigvis hadde eg gjort klart havfiskebeltet, så det gjekk veldig greitt å sveiva opp. Fisken gjorde eit par skikkelege rykk rett før trykket tok han. Det fekk meg til å sveitte litt, men etter det så blei det jo lettare, fortel Kårbø til Fiskeavisen.

– Kva tenkte du?

– Eg tenkte at eg måtte komma meg fort til land og vega han skikkeleg, hehe, svarar den ivrige hobbyfiskaren.

Ved første måling stoppa vekta på 18,5 kg. Ei kontrollmåling 6–7 timar seinare viste at fisken vog 17,8. Det er uansett ny norgesrekord. Den tidlegare var på 17,5 kilo. No vert det i fiskarkrinsar spekulert i om dette også kan vera verdsrekord.


Les også: Fiskar etter kunnskap på museet


 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut