annonse

– Kan takka skulen for vekst

SKULEN
SKULEN: Onsdag neste veke vert det markering mot nedlegging av Selevik skule i Dåfjorden. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN / ARKIV)

Onsdag neste veke vert det arrangert støttemarkering for nedleggingstruga Selevik skule.

Ingvild Siglen Berger

Arrangementet vert på skulen. Det er Dåfjorden Velforening, Selevik FAU, Dåfjord Næringsforum og Dåfjorden barnehage/SFO som inviterer til markeringa.

– Det er Selevik skule saman med barnehage og SFO som sikrar vidare utvikling og vekst for Selevik krins, så vel som Fitjar kommune, skriv arrangørane i invitasjonen.

Dei oppfordrar folk til å kjempa mot ei eventuell nedlegging.

– Bygda har sidan 90-talet vore i eventyrleg vekst og hovudbidragsytar til folkeauke i Fitjar. Bygda veit at det er skulen me kan takka for dette. Møt opp og vis di støtte!

Fitjar-politikarar stengte dørene: – Ulovleg, seier ekspert på offentleheit

Markeringa skjer i kjølvatnet av at Rimbareid skule vert føreslått som mottakar av alle elevane frå barneskulane i Øvrebygda og Selevik i Fitjar, som eitt av tre forslag til ny skulebruksplan i Fitjar for 2019–2023.

Tysdag denne veka møtte heile 200 personar opp då FAU ved Øvrebygda skule arrangerte markering der.

Sunnhordland på leiarplass: Uheldig praksis i Fitjar kommune

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut