annonse

Kari Veiteberg ny biskop i Oslo

Glad
Glad: Onsdag blei det kjent at Kari Veiteberg frå Stord, men busett i Oslo, blir Oslo sin første kvinnelege biskop. (Foto: ARKIV)

Kari Veiteberg frå Stord blir den første kvinna som leiar Oslo bispedømme.

Anita Haugland

Kari Veiteberg er den nye biskopen i Oslo. Ho blir den første kvinna som leiar Oslo bispedømme, skriv Vårt Land.

Kirkerådet tok avgjerda onsdag ettermiddag. Kari Veiteberg er busett i Oslo, men oppvaksen på Stord.

Vårt Land har spurt henne om korleis det var å få meldinga om at ho er den nye biskopen i Oslo.

– Eg tenkte ikkje så mykje, men blei veldig glad. Ikkje minst for at det no er avgjort. Det har vore mykje styr i det siste. Så får eg kjenna på kjenslene etter kvart. No er eg skjelven og glad, uttaler Kari Veiteberg til Vårt Land.

Ifølgje nettstaden tiltrer ho i desember. Sunnhordland har di verre ikkje lukkast med å få ein kommentar frå Veiteberg.

anita@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.