annonse

Kjem for seint i gang med asfaltering

Bak skjema
Bak skjema: Prosjektet i Skrivarvegen blir ikkje ferdig til jul, slik planen var. Her ser me byggjeleiar Roberto Balzer. (Foto: Kjetil Østrem / arkiv)

Funn av ukjende røyr fører til ekstraarbeid for nye Skrivarvegen.

Vidar Hope

I slutten av mai starta arbeidet med oppgradera Skrivarvegen i Leirvik sentrum. Det førte mellom anna til stor frustrasjon då trafikken korka seg opp på fylkesvegen som går rett gjennom sentrum.

Etter planen skulle arbeidet med sjølve vegen vera ferdig innan jul.

– Dette er ei kvalitetssak som er godkjent i fellesskap. Etter planen skulle me ha asfaltert vegen innan november, men det rekk me ikkje av ulike årsaker. På grunn av klimaet ønskjer me ikkje å asfaltera i desember, for då risikerer me at kvaliteten blir for dårleg. Me må rett og slett vurdera dette opp mot vêrforhold, seier byggjeleiar Roberto Balzer til Sunnhordland.

Prosjektet i Skrivarvegen er eit samarbeid mellom Stord kommunalteknikk og Statens vegvesen, der Engelsen Anlegg er utøvande part. Medan arbeidet har halde fram har det dukka opp fleire overraskingar under bakken.

– Me har funne alt mogeleg i grunnen som har gjort ting meir komplisert. Det gjeld mellom anna gamle røyr, seier Balzer.

– Finst det ikkje oversikt over røyr i bakken i Leirvik sentrum?

– Jo, det gjer det nok. Men ein var ikkje like punktleg med å registrera dette for 20-25 år sidan, og endå lengre tilbake. Dei karta me har er i beste fall unøyaktige. Slik er det i alle byanlegg, seier han.

Les også: Det kan bli meir sykkelveg frå Skrivarvegen

Den nye vegen skulle altså stå klar innan jul, men bilistane må venta endå lengre før trafikklyset blir fjerna. Balzer vil ikkje seia nøyaktig kva tid dette arbeidet skal vera fullført.

Prosjektet i heilskap skal vera ferdig innan mars neste år. 

– Det har vore planen heile tida. Me har hatt to tidsfristar. Den eine var å gjera vegen ferdig til jul. Den andre delen av prosjektet er planting og grøntarbeid, og det kan me ikkje gjera om vinteren.

Det var Stordnytt som først omtalte saka.

Meld deg på Sunnhordland sitt nyheitsbrev

* indicates required
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut