annonse

Kjempar i toppen i bygdekåring

: Dag Jørund Lønning synest det er kjekt å leia tevlinga om å verta årets bygdeprofil 2015. Fredag vert konkurransen avslutta.
Arkiv (Foto: MAGNE KYDLAND)

Dag Jørund Lønning er i teten i Nationens store kåring.

Olav Røli

Nationen er i desse dagar i innspurten med å kåra bygdeprofil 2015. Og det er stordabu og høgskulelektor, Dag Jørund Lønning som er i teten.
 
 
 
– Med mange sunnhordlandsrøyster i innspurten (fram til og med fredag) kan dette jammen meg gå vegen, seier Lønning til Sunnhordland.
 
 
 
Lønning er ein av seks finalistar, og i grunngjevinga skriv juryen at Lønning vart kåra til årets landbruksbloggar i 2014, og er ein av få forskarar på lista over dei 100 mektigaste i norsk landbruk.
 
 
 
– Det er kjekt å leia, men det står att å få til ein skikkeleg innspurt fram mot helga, seier Lønning.
 
 
 
Han fortel vidare at det ikkje er nokon frå Sunnhordland eller Hordaland som har vunne denne kåringa tidlegare, og dersom Sunnhordlendingane røystar no kan dei få ein vinnar frå Stord.
 
 
 
Nationen skriv vidare at det har skjedd fleire gonger at vinnaren har peika seg ut tidleg. Men det har også vore tilfelle der ein har hatt ein kandidat i god leiing, men at det har endra seg på slutten.
 
 
 
Konkurransen vert avslutta 19. februar.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut