annonse

Kjempar om å utforma skulen

Glad
Glad: Jo-Kjetil Nielsen er overraska og glad over at JK Arkitektur i samarbeid med Abo Plan & Arkitektur AS nådde får bli med i konkurransen om å utforma ny ungdomsskule og fleirbrukshall i Sagvåg. (Foto: Marius Knutsen / arkiv)
Ny skule
Ny SKULE: Fem arkitekturselskap skal konkurrera om korleis det skal sjå ut her i framtida. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

Jo Kjetil Nielsen og Abo Plan & Arkitektur AS er blant dei fem selskapa som skal teikna utkast til ny ungdomsskule og fleirbrukshall på Nysæter.

Hilde Vormedal Nybø

– Å teikna skule er noko at det mest spanande ein kan gjera. Skulen skal brukast av ungdommar og skulen og fleirbrukshallen har stor verdi for samfunnet i Sagvåg, seier Nielsen.

Mange om beinet

Interessa for å få vera med og teikna/prosjektera den nye ungdomsskulen og fleirbrukshallen på Nysæter var rekordstor, med 54 interesserte selskap. Nielsen innrømmer at han blei overraska over at dei nådde opp i konkurransen.

– Eg hadde kanskje ikkje venta meg det. Mange store kontor har vist interesse, seier Nielsen, som fortel at ny skule og fleirbrukshall vil vera eitt av dei fem største prosjekta dei teiknar på.

Les også: Rekordstor interesse for ny ungdomsskule

JK Arkitektur er prekvalifisert saman med Abo Plan & Arkitektur, som er eit Os-selskap med lokalkontor på Stord.

– Me fann ut at me måtte samarbeida med nokon for å prøva å kvalifisera oss.

Store selskap

Dei andre fire selskapa som skal konkurrera om å få teiknejobben i Sagvåg er:

* VIS-A-VIS arkitekter i Trondheim som teikna Sagvåg skule i 2006.

Ny skule
Ny skule: Fem arkitekturselskap skal konkurrera om korleis det skal sjå ut her i framtida. Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv

* Arkipartner i Stavanger, som har teikna ein rekkje skular og idrettshallar i Rogaland.

* L2 Arkitekter i Oslo, som har teikna «Kongen på haugane»

* OG Arkitekter AS i Bergen, som mellom anna har teikna Rosendal ungdomsskule

På synfaring

Kjell Nesbø er prosjektleiar for skulen og idrettshallen.

– Arkitektselskapa skal på synfaring i Sagvåg på fredag. Selskapa skal levera sine utkast innan 30 november, seier Nesbø.

Les også: Lokalt firma får byggja ny sjukeheim på Stord

Kven som endeleg får oppdraget med å teikna skulen, skal avgjerast av ein jury.

– Var Link Arkitektur blant dei som prøvde å prekvalifisera seg for jobben?

– Nei, seier Nesbø.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut