annonse

Kjøper Fronta Ventilasjon

Oppkjøp
Oppkjøp: Jan Richard Dyrseth og Jon Kristian Tisthamar. (Foto: Privat)

Førre veke blei Aritech AS og Frontagruppen samde om kontrakten som inkluderer Fronta Ventilasjon i Aritech.

Marius Knutsen

– Fronta ventilasjon er Sunnhordlands største leverandør av ventilasjonssystem og tenester med 20 tilsette og ei årleg omsetting på 40 millionar kroner, skriv selskapet i ei pressemelding.

Les også: Fronta droppar einebustader – går for leilegheiter

– Aritech har ambisjonar om vidare vekst. Med kjøpet av Fronta Ventilasjon utviklar me oss frå å vera eit reint rådgjevande og prosjekterande miljø for tekniske anlegg, til også å bli ein utførande part. Det blir ein styrke i den vidare satsinga, seier dagleg leiar Jan Richard Dyrseth (på biletet saman med Jon Kristian Tisthamar, dagleg leiar i Fronta Ventilasjon).

Les også: Fronta Maskin kjøpt opp av bømlingar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut