annonse

Klinkar til på gamlemåten

TRIVST SOM BÅTBYGGJAR
TRIVST SOM BÅTBYGGJAR: Bård Sørestrand Andersen (21) likar å jobba på gamle båtar. Her held han ei nærare 50 år gammal klinkemaskin, som gjer jobben like godt i dag ifølgje båtbyggjaren sjølv. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
VERKSTAD MED ALT
VERKSTAD MED ALT: På den gamle verkstaden i Dåfjorden finst alt ein treng av gammalt verktøy og utstyr. Her hentar Bård fram ei gammal klinkemaskin. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
INGEN DATAMASKIN
INGEN DATAMASKIN: Dataprogram trengst ikkje for å vøla gamle båtar. Her har Bård skissert opp dimensjonane til den nye aktersalongen. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
SKJERING
SKJERING: Sjølv om båten er gammal, har Bård heldigvis også moderne verktøy han kan ta til hjelp. Skjerebrennaren går gjennom stålplatene som smør. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
SALONGHUSET
SALONGHUSET: Bård har ansvar for å montera opp ein lengre salong i akterdelen av dampskipet. Den gamle salongen skal vekk. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
TIDLEGARE RØYKJESALONG
TIDLEGARE RØYKJESALONG: Før i tida var det røykjesalong bak på båten. No skal den forlengjast, og brukast til «vanleg» salong. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
AKTERSKOTTET
AKTERSKOTTET: Jon Sigve Opheim blir liten i det store akterskottet som han held på å reparera. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
GLØDANDE VARME
GLØDANDE VARME: Naglane vert varma opp til dei blir glødande varme før dei kan slåast fast i stålet. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
KLINKING
KLINKING: Jon Sigve Opheim hjelper til med nagling av botnstokk og spant om bord i det gamle dampskipet. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
LANG TRADISJON
LANG TRADISJON: Bygging av båtar har dei halde på med i Dåfjorden sidan 1915, her ser me eit udatert bilete frå gamle dagar. (Foto: DÅFJORDEN SLIPP)
NØYAKTIG ARBEID
NØYAKTIG ARBEID: Her ser me den nye rennesteinen på akterskipet som vart klinka saman av Bård og kollegaene i fjor. Det går med ein del naglar når ein gjer det på gamlemåten. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
FLOTT DAMPSKIP
FLOTT DAMPSKIP: D/S «Stavenes» vart bygd i Bergen i 1904. Det over hundre år gamle dampskipet treng sårt vedlikehald. Og det får det her i Dåfjorden. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
FAKTA

Familien til Bård Andersen (21) har bygd båtar i Dåfjorden i over 100 år og kjem sikkert til å halda fram i over 100 år til.

Henrik Mundal Andreassen

Det dunkast, hamrast og klinkast inne på verftsområdet til Dåfjorden Slipp. Store metallplater vert heiste fram og tilbake, for montering, sveising eller klinking.

Dampskipet DS «Stavenes» frå 1904 er under tung oppussing i desse dagar, og det tradisjonelle båtbyggjeriet i Dåfjorden har fått jobben. For er det ein ting dei har peiling på, så er det gamle båtar.

– Sjølv held eg på med aktersalongen i desse dagar. Det er mykje arbeid, og det tek tid, men det er kjekt arbeid for alt skal klinkast, fortel Bård Andersen (21).

Han er femte generasjons båtbyggjar i Dåfjorden. Båtbygginga starta der kor slippen står i dag, tilbake i 1915. Den gongen var det svograne Albert Andersen og Lars Stokken som starta med båtbygging, og sidan har yrket blitt halde i hevd her på vestsida av Stordøya.

Les også: Frå verdsrommet til Dåfjorden

INGEN DATAMASKIN
INGEN DATAMASKIN: Dataprogram trengst ikkje for å vøla gamle båtar. Her har Bård skissert opp dimensjonane til den nye aktersalongen. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Jobbar på gamlemåten

Bård Andersen kikar på den svære plata han har heist opp på nokre bukkar inne i ein av hallane på slippen. Bård har fått ansvaret for å utvida den gamle røykjesalongen på akterdekket. Den gamle skal fjernast, og ein ny og større salong skal på plass.

Han finn fram nokre gamle fotografi, og nokre papirark som han har skissa opp måla på. For når ein vølar 115 år gamle dampskip er det ikkje snakk om å bruka 3D-modellar på ein datamaskin. Nei, her er alt på augnemål, og med ein god dose erfaring og fornuft. Det finst få skips-teikningar att, og nærast all kunnskap får Bård ifrå gamle fotografi, i tillegg til kunnskapar han har tileigna seg frå andre og liknande skip.

– Det er kjekt å sjå korleis ting såg ut før på dei gamle bileta. Så lenge det eg lagar får ein fin fasong, og ser bra ut, så er det godt nok. For me har ikkje så mykje anna å gå på av informasjon eigentleg, forklarar den unge, men røynde båtbyggjaren. Dette har han nemleg fått inn med morsmjølka.

SKJERING
SKJERING: Sjølv om båten er gammal, har Bård heldigvis også moderne verktøy han kan ta til hjelp. Skjerebrennaren går gjennom stålplatene som smør. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Trivst på slippen

Den gamle slippen med over 100 års tradisjonar har i dag ni tilsette, som jobbar på både nye og gamle båtar. I desse dagar held dei på med to nybygg, i tillegg til veterandampskipet DS «Stavenes».

– Dagane startar i halv åtte tida. Me sit oss på kontoret, tek ein kopp kaffi, og legg dagsplanen. Snakkar om kva som har blitt gjort, og kva som må gjerast, seier Bård Andersen.

AKTERSKOTTET
AKTERSKOTTET: Jon Sigve Opheim blir liten i det store akterskottet som han held på å reparera. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Han jobbar sjølv med gamle DS «Stavenes» saman med eit par andre, og har nok å gjera. Dei hjelper ofte kvarandre med klinking og montering. For dei gamle klinkemaskinane er tunge som berre det, og på ein varm dag blir ein fort sveitt i skjorta.

– Jobben med Stavenes byrjar i akterskipet, og så arbeider me oss sakte, men sikkert framover mot baugen, seier båtbyggjaren.

Denne dagen held også to andre arbeidarar på med botnstokken og hudplatene i akterskottet til dampskipet.

Les også: Full overhaling for gammal travar

KLINKING
KLINKING: Jon Sigve Opheim hjelper til med nagling av botnstokk og spant om bord i det gamle dampskipet. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Klinkar saman stålplatene

Ein av spesialitetane til Dåfjorden Slipp er at dei er ein av svært få båtbyggjarar her til lands som framleis klinker saman stålplater, i staden for å sveisa. Dei gjer det på same måte som før i tida, og brukar til og med dei same gamle klinkemaskinane. Arbeidet krev særskilde kunnskapar, og Bård Andersen fortel at klinking er noko av det han likar best med jobben.

– Det er mykje arbeid, og det er tungt arbeid. Meir tidkrevjande enn sveising. Eg likar å bruka dei gamle klinkemaskinane, sidan dei slår naglane betre enn nye maskinar gjer, seier han.

Når ein klinker saman platene beheld ein også den same utsjånaden som dei gamle båtane skal ha.

LANG TRADISJON
LANG TRADISJON: Bygging av båtar har dei halde på med i Dåfjorden sidan 1915, her ser me eit udatert bilete frå gamle dagar. Foto: DÅFJORDEN SLIPP

– Eg likar utsjånaden til dei gamle båtane. Fasongen på dei. Gamle og klinka båtar kan ikkje samanliknast med dagens nye ferjer, meiner Andersen.

SALONGHUSET
SALONGHUSET: Bård har ansvar for å montera opp ein lengre salong i akterdelen av dampskipet. Den gamle salongen skal vekk. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Gamle veteranskip

Hundrevis av båtar har vore innom slippen, og av dei meir kjende kan ein nemna veteranbåtane MS «Granvin» og MS «Tysnes».

Ein av tinga Bård likar best med dei gamle skipa er at han heile tida lærer seg noko nytt undervegs i arbeidet.

– Då eg jobba på posthuset om bord i «Granvin» gjekk eg berre bort til søsterskipet «Tysnes» og såg korleis det såg ut der. Det var jo mykje likt, berre at ting hadde forskjellige storleikar, smiler han.

– Dei var utruleg flinke til å laga båtar før. Dei klinka saman båtane, og fekk til ulike fasongar ved å valsa platene og tilpassa dei. Eg forstår framleis ikkje korleis dei fekk til enkelte ting, seier båtbyggjaren.

– Så dette er noko du kjem til å halda fram med?

– Ja, eg er ung enno, smiler båtbyggjaren.

Les også: Fekk heiderspris

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut