annonse

Kolliderte front mot front

Rykte ut
Rykte ut: Klokka 16.18 melde Sør-Vest politidistrikt at naudetatane er på veg. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN (arkiv)

Naudetatane er på veg til ulukka.

Anita Haugland

Klokka 16.18 tysdag ettermiddag melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter at to bilar har hamna front mot front ved Alvsvåg på Bremnes. Naudetatene er på veg.

Klokka 16.38 melder politiet vidare at ein passasjer klagar på smerter etter samanstøyt med airbag. Vegen er sperra inntil vidare. Ifølgje politiet er det Fv. 23 ut mot Alvsvågneset.

Klokka 17.13 legg politiet ut ei tredje oppdatering frå ulukka. Her står det at dei rettar opp i noko av informasjonen som først blei sendt ut. Ny informasjon er at det var ein kvinneleg førar av den eine bilen som blei truffe av airbag. Ho blei sjekka på staden. Det enda opp med trafikkuhell utan personskade.

anita@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut