annonse

Kommunestyret minna Leif Magne Hole

BLEI MINNA
BLEI MINNA: Kommunestyret blei torsdag starta med å minna Leif Magne Hole, som sidan valet i 2015 har representert Stordlisto. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Torsdag blei møtet i kommunestyret starta med eitt minutts stille for Leif Magne Hole, som nyleg gjekk vekk.

Anders Totland

Hole har sidan valet i 2015 representert Stordlisto i kommunestyret. Han har også vore vara til formannskapet og komite for rehabilitering, helse og omsorg, og medlem i valnemnda og valstyret.

– For å minna hans karakter, seier eg «it’s all over now, Leif Magne», innleia ordførar Harry Herstad, då han heldt ein kort minnetale i starten av møtet.

Han omtalte Hole som ein markant, sterk og kunnskapsrik mann.

– Leif Magne var ein omtykt fagforeiningsmann og ein eminent bridgespelar. Det blir også sagt at han var ein av dei aller beste i alle slags quiz-konkurransar her i Stord-samfunnet, sa Herstad.

– Me kjem til å hugsa han, og ikkje minst det store hjartet han hadde, og den rausheiten han var kjend for. Som det stod i eit intervju i Sunnhordland då han kom inn i kommunestyret, var han ein fin fyr. Ein verkeleg flott kar, sa Herstad.

Hole kjempa lenge mot kreftsjukdommen. Han sovna inn 12. april, 59 år gammal.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.