annonse

Kompiskøyring kan gi bot og avskilting

Dyrt
Dyrt: Den nye lova kan gi bilistar opptil 15.000 kroner ved organisert privat taxiverksemd. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / illustrasjon)

Lovendring kan kosta dyrt.

Vidar Hope

Etter ei lovendring i sommar har politiet no høve til å slå ned på kompiskøyring. Resultatet kan bli opptil 15.000 kroner i bot og avskilting av bilen, melder Sørvest politidistrikt.

– Kompiskøyring er transport mot betaling, altså privat taxiverksemd som blir organisert via sosiale media av menneske som ikkje kjenner kvarandre frå før. Sjåførane har verken løyve eller vandelsattest, og kompiskøyring er svart arbeid, skriv politiet.

Les også: Drosjeselskapa på Stord rasar mot venekøyring

Det er lov å køyra vener og kjende, så lenge partane har eit felles transportbehov og betalinga ikkje overstig ein viss sum av utgiftene for turen, står det vidare.

Les også: Bilisten fekk ei bot på 7.000 kroner for dette

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut