annonse

Kontraktjubel for Apply Leirvik

STORKONTRAKT
KJEMPE KONTRAKT: Apply Leirvik skal byggja bustadmodulen til Peregrino II-plattforma i Campos Basin, Brasil, for Statoil.

Skal byggja bustadmodul verdt 400 millionar kroner.

Marius Knutsen

– Apply Leirvik har fått tildelt ein ny LQ EPC-kontrakt frå Statoil med ein samla verdi på om lag 400 millionar norske kroner, skriv Apply Leirvik i ei pressemelding.

Arbeidet skal utførast på Stord.

– Kontrakten går ut på å levera bustadmodulen til Peregrino II-plattforma i Campos Basin, Brasil. Kontrakten inkluderer levering av eit 5 etasjar stort offshorehotell med eit totalt areal på kring 2600 rutemeter, skriv selskapet i pressemeldinga.

Offshorehotellet skal ha ein kapasitet på 120 senger. I tillegg skal det mellom anna vera rekreasjonsområde, garderobar og eit helikopterdekk.

– Me er stolte over at Statoil har velt Apply Leirvik til å levera bustadmodulen, seier administrerande direktør ved Apply Leirvik, Helge Gjøsæter i pressemeldinga.

Bustadmodulen blir den første komplette leveransen av ein bustadmodul i aluminium frå verftet på Stord til den internasjonale marknaden.

– Difor er dette eit viktig skritt i den vidare utviklinga til Apply Leirvik. Kontrakten passar også veldig bra inn i ordrereserven etter den pågåande Johan Sverdrup-kontrakten, heiter det i pressemeldinga.

Ingeniør- og planarbeidet for Peregrino II-prosjektet startar umiddelbart.

marius@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.