annonse

Køyrde av vegen

Utfor vegen
Utfor vegen: Ein bil køyrde utfor vegen på Tveit ved Uggdal søndag ettermiddag. Sjåføren vart frakta til legevakt, men skal vera uskadd. Illustrasjons (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Sjåføren teken hand om av forbipasserande.

Magne Kydland

Like etter klokka 15 søndag kom det melding om at ein bil var køyrd ut av vegen i Uggdal på Tysnes. Det var ein person i bilen.

– Han vart teken hand om av forbipasserande. Politiet rykkjer ut til staden, melde Vest politidistrikt på Twitter like etter.

Sjåføren vart køyrd til legevakta for undersøking, men er mest truleg uskadd. Ulukka skjedde på fylkesveg 49 ved Tveit.

– Mindre materielle skader, ingen personskadar og ingen trafikale problem, melder politiet klokka 16.

magne@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut