annonse

Køyrde heim nattevandrande 14-åringar

Politiet møtte på to 14-åringar midt på natta i Leirvik
KØYRDE DEI HEIM: Politiet møtte på to 14-åringar midt på natta i Leirvik: (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

To mindreårige gutar var ute midt på natta i Leirvik.

Henrik Mundal Andreassen

Klokka halv tre i natt møtte politiet sin patrulje på to 14-år gamle gutar ved eit skuleområde i nærleiken av Leirvik.

– Politiet tok kontakt med dei og fekk ringt til foreldra, som ikkje visste at ungane deira var ute, seier vaktsjef Emma Audunsdottir ved Haugesund politistasjon.

Politiet køyrde deretter gutane heim, som er vanleg praksis jamføre politiloven.

– Politilovens paragraf 13 seier at politiet kan visa eller bringa heim barn som driv omkring på eiga hand på offentleg stad etter klokka 22.00, seier Emma Audunsdottir.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut