annonse

Krasja med el-sykkel

Steila
Steila: El-sykkelen har truleg ateila, og kvinna mista kontrollen og fekk skader i ansikt og hovud. Ho vart henta med luftambulanse. Illustrsjons (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Kvinne i 30-åra alvorleg skadd og henta med luftambulansen.

Magne Kydland

De var klokka 19.45 onsdag kveld at politiet fekk melding om ulukka, som skjedde på Svortland.

Ei kvinne i slutten av 30-åra vart henta med luftambulansen og frakta til Haukeland universitetssjukehus etter ulukka.

– Sykkelen har truleg steila, og ho har falle og slått seg i bakhovudet og fått styret i ansiktet, fortel operasjonsleiar Jan Magne Østebøvik ved Sør Vest politidistrikt i Haugesund.

Han veit ikkje noko meir om ulukka, kva som er årsaka, eller korleis tilstanden til den skadde er.

Så langt politiet veit vart det ikkje brukt sykkelhjelm.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut