annonse

KrF kraftig fram i Fitjar

GÅR FRAM
GÅR FRAM: Første prognose for Fitjar syner at Harald Rydland og Fitjar KrF går kraftig fram. (Foto: Ingvild Eide/Arkiv)

Førehandsrøystene for Fitjar kommune er klare.

Ingvild Siglen Berger

Like etter klokka 22.00 kom den første prognosen for Fitjar, då resultatet av førehandsrøystinga vart gjort kjend. I Fitjar har 331 av 2.438 røysteføre førehandsrøysta.

Resultatet viser at fire av fem parti går fram frå førre kommuneval.

KrF går fram med heile 16 prosentpoeng til 32,2 prosent oppslutnad, medan Sp går fram 9,9 prosentpoeng til 19,9 prosent oppslutnad. Ap går marginalt fram med 0,9 prosentpoeng, til 19,6 prosent, medan Høgre går ned heile 24,6 prosentpoeng til 15,7 prosent oppslutnad.

Frp går fram med 2,6 prosentpoeng til 11,5 prosent oppslutnad.

Røysteteljinga i Fitjar held nettopp no på for fullt i Fitjar rådhus.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut