annonse

Kværner etablerer gigantisk brakkeleir på Heiane

Brakkeleir
Brakkeleir: Det vil komma ein brakkeleir med 350 rom på Heiane Vest i løpet av hausten. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)
Trappar opp
Trappar opp: Totalt vil ca. 3.000 personar jobba på Kværner på Stord når aktiviteten er på topp i vinter, fortel kommunikasjonssjef Odd Naustdal. (Foto: Marius Knutsen)

Treng meir plass.

Magne Kydland

– På grunn av stor aktivitet i Njord-prosjektet, og stigande aktivitet i prosjekta Johan Castberg og Johan Sverdrup fase 2 RP-modifisering, vil det ein periode framover vera behov for auka leirkapasitet på Stord. Kværner har difor gjort avtale med Heiane Vest AS og Stord Innkvartering AS for etablering av ein mellombels leir på Heiane.

Det skriv Kværner i ei pressemelding.

Tidlegare var det snakk om fleire alternativ, blant anna vart det søkt om å få leggja eit losjiskip til kai ved Leirvik AS. No har Kværner i staden landa på brakkeleir på Heiane.

Trappar opp
Trappar opp: Totalt vil ca. 3.000 personar jobba på Kværner på Stord når aktiviteten er på topp i vinter, fortel kommunikasjonssjef Odd Naustdal. Foto: Marius Knutsen

– Det vil bli etablert åtte bustadriggar og kantine, med ein total kapasitet på 350 rom. Leiren vil i første omgang bli etablert for ein periode på seks månader, men med opsjon på ytterlegare fire månader. Leiren på Heiane kjem i tillegg til leiren på Kjøtteinståa, som har ein kapasitet på ca. 1000 rom. Arbeidet med prosjektering og opparbeiding av leiren på Heiane er allereie i gang. Første del av leiren er venta å stå klar i slutten av oktober, medan full leirkapasitet skal vera klar i byrjinga av desember, melder Kværner.

Kommunikasjonssjef Odd Naustdal har tidlegare opplyst til Sunnhordland at det på det meste vil vera rundt 3.000 personar i arbeid på Kjøtteinen utover hausten og vinteren, etter kvart som aktiviteten aukar i Johan Castberg-prosjektet og Johan Sverdrup RP modifikasjons-prosjektet.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut