annonse

Kværner får byggja

NYTT KAIANLEGG
NYTT KAIANLEGG: Slik vil det nye kaianlegget sjå ut, dersom Kværner bestemmer seg for å byggja det. (Foto: KVÆRNER / ILLUSTRASJON)

– Dette er ei sak me må støtta, seier Randi Nysæter (KrF).

Anders Totland

Det var brei semje i salen, då Kværner sin dispensasjonssøknad blei handsama i forvaltningsstyret torsdag. Etter ei vurdering av gildskapen til fire av politikarane, som alle er tilsette i Kværner, var det berre Randi Nysæter (KrF) som tok ordet, før forvaltningsstyret fatta eit samrøystes vedtak.

– Det som kan vera til sjenanse for natur og miljø og folk i nærleiken, er dette med forureining. Men her er det krav om at lovverket må følgjast. Det er òg snakk om støygrenser som ikkje må overstigast, og det har tidlegare vore klager på dette på Eldøyane. Difor er det betryggande at det er tatt med her. Då ser eg det sånn at dette er ei sak me må støtta, seier Nysæter.

Sjølv om Kværner no får lov til å gjennomføra planane sine, betyr ikkje det at det nødvendigvis kjem til å bli bygt noko ny kai med det første. Kværner har nemleg ikkje avgjort om dei vil gå vidare med planane. Då Sunnhordland skreiv om saka i januar, sa kommunikasjonssjef Odd Naustdal i Kværner at dette er noko dei gjer for å vera i forkant, dersom dei skulle få behov for det seinare.

– Når me no søkjer om dette, handlar det om at ein ikkje nødvendigvis har så god tid når det blir aktuelt. Då er det viktig for oss at me har gjort så mykje som råd av førebuingsarbeidet på førehand, sa Naustdal.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut