annonse

Kværner opnar porten for publikum

Underhaldning
Underhaldning: Langeland skulekorps er blant dei som skal syta for underhaldning når Kværner opnar portane for publikum søndag. (Foto: Arkiv)

Kværner på Stord inviterer lokalsamfunnet til open dag søndag

Magne Kydland

– Etter ein periode med lite aktivitet på eige verft og mykje reiseverksemd for dei tilsette, har me no fleire prosjekt i gjennomføring på området, med bygging av bustadplattforma til Johan Sverdrup og oppgradering av Njord som dei mest dominerande. Me opplever at det i lokalsamfunnet er ei positiv interesse for det me driv med, og ønskjer å vidareføre tradisjonen med open dag slik at dei som ønskjer det kan bli betre kjend med verksemda og prosjekta våre, seier verftsdirektør Steinar Røgenes i ei pressemelding.

Open dag er ein tradisjon som går langt tilbake. I skipsbyggingstida vart lokalsamfunnet ofte invitert inn på verftet i tilknyting til skipsdåpar. På 80-talet vart arrangementet fornya og utvida, til forma det har i dag. Førre open dag var i 2014, i tilknyting til ferdigstillinga av Eldfisk-plattforma.

Under årets open dag vil det bli høve til å gå om bord i det som skal bli bustadplattforma til Johan Sverdrup-feltet. Ein vil kunne sjå Njord på nært hald, få informasjon om pågåande prosjekt og vandre rundt på området mellom verktøy, modular og strukturar. Det blir demonstrasjon av brannbil og brannsløkking, høve til å prøva seg som sveisar, rebusløp med fine premiar og nokre heldige vinnarar vil kunne få seg ein guida tur i Storen. Ved bedriftshelsetenesta blir det bamsesjukehus, helserettleiing og servering av fiskekaker, is og frukt.

Årets underhaldning står Langeland skulekorps, Heine Totland med band, Storm Weather Shanty Choir og Stordingane for. I tillegg blir det trylleshow med Fridar Steinkopf.

Menyen består som vanleg av grillmat, kaffi, kaker, lappar, is og mineralvatn. Det blir også servering av kaffi og kaker på Kværner sitt industrimuseum, som vil vera ope i høve dagen.

– Det er for tida stor aktivitet på verftet. Av omsyn til tryggleiken, er det viktig at alle besøkjande har respekt for sperringar som er sett opp og lyttar til beskjedar frå vaktpersonell. Me oppmodar folk til å ta på godt fottøy og kle seg etter vêret. Born under 15 år i følgje med vaksne, heiter det i pressemeldinga.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut