annonse

Kværner skal byggja Johan Castberg-modular

KONTRAKT
KONTRAKT: Kværner-sjef Steinar Røgenes kan gle seg over mykje arbeid framover. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
Johan Castberg

Johan Castberg-modular gjev arbeid til 2 000 Kværner-tilsette.

  • Anders Totland

Kværner har signert ein kontrakt med Statoil for leveranse av modulene til plattformdekket til produksjonsskipet for Johan Castberg-feltet, samt samankopling og integrasjon av dekksmodulene med skroget. Kontrakten vil gje omfattande positive ringverknader for eit breidt spekter av Kværners underleverandørar innan norsk industri, skriv selskapet i ei pressemelding.

På topp vil arbeidsomfanget involvera om lag 2 000 Kværner-tilsette og personell hos underleverandørar. Verdien av kontrakten er om lag 3,8 milliardar kroner.

Les også: Gigantkontrakten sikrar store investeringar på verftet

Strategisk fordel

– Me er nøgde med at me er valt som leverandør til etit av dei viktigaste prosjekta i den globale olje- og gassmarknaden. I tillegg er det ein strategisk fordel for Kværner at me vidareutviklar vår ekspertise på flytande produksjonsskip, ettersom fleire kommande feltutviklingsprosjekt truleg vil nytta liknande konsept, seier konsernsjef i Kværner, Jan Arve Haugan.

Johan Castberg-feltet i Barentshavet vil bli utvikla med eit produksjonsskip (FPSO). Arbeidsomfanget til Kværner inkluderer fabrikasjon av modular til plattformdekket kor dei fleste vil bli levert av norske verft. Kværners eige avanserte anlegg på Stord skal fabrikkera modulane for gassinjeksjonen, re-kompressoren og separasjon, medan Kværners spesialiserte anlegg i Verdal skal fabrikkera modulen for handtering av sjøvatn og hovudpakken for røyr.

Les også: Her ligg Johan Castberg-feltet (+)

Som underleverandør til Kværner vil Aker Solutions sitt verft i Egersund levera modular for injeksjon av vatn og kjemikaliar, medan selskapet sitt anlegg i Sandnessjøen vil levera mindre modular, samt fakkelbommen.

Til Stord i 2020

Skroget, inkludert bustadkvarteret som blir fabrikkert for Statoil av Sembcorp i Singapore, blir levert til Kværner sitt verft på Stord hausten 2020. Installasjonen av alle modulane og integrasjonen startar umiddelbart etter at skroget kjem. Produksjonsskipet blir testa og ferdigstilt på Stord før planlagt utslep til feltet i første kvartal 2022.

– Dette prosjektet viser at forbetringene me har gjennomført i samband med kostnader og produktivitet i løpet av dei seinare åra har styrka konkurranseevna vår i forhold til andre leverandørar. Industriens betydelege forbedtingstiltak er også grunnleggande i å gjera Johan Castberg og andre prospekt attraktive og lønsame å utvikla. Denne kontrakten gjev eit grunnlag for Kværner til å fortsetja å investera i både våre anlegg og i vår organisasjon for å kunna forbetra vår konkurransekraft yttarlegare, seier Haugan.

Den innleiande prosjektplanlegginga startar umiddelbart og fabrikasjonen startar alt i fjerde kvartal 2018. Inkludert ringverknader for underleverandørar, tenesteleverandørar og liknande er det venta at kontrakten vil generera arbeid for om lag 4 800 personar.

Oppgradering av anlegget

Kværner planlegg også ei investering på om lag 370 millionar kroner i samband med ei oppgradering av verftet på Stord. Denne oppgraderinga inkluderer ein ny djupvasskai og ei utviding av den store 1 050 tonns kranen slik at den dekker det meste av Johan Castberg FPSO.

Denne investeringa vil betra produktiviteten for samanstilling og ferdiggjering av prosjekt som Johan Castberg. I tillegg vil utvidinga gje auka konkurransekraft for framtidige prosjekt der det kan gje betydelege fordelar å utføra integrasjon og oppgradering for flytande plattformer langs ein djupvass utrustningskai med god krandekning.

Investeringsplanen avheng av endeleg godkjenning av styret i Kværner, står det i pressemeldinga.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut