annonse

Kværner skal husa 800 personar

800 personar
800 personar: Kværner ønskjer å byggje opp brakkekapasiteten og håpar å ha rom til 800. I første omgang vil ein få på plass fire av dei fem riggane på illustrasjonen. (Foto: KVÆRNER / illustrasjon)
TRAVELT
TRAVELT: Kommunikasjonssjef Odd Naustdal fortel at dei går ein travel periode med mykje aktivitet i møte. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN / arkiv)

Treng fleire bustadriggar for å innkvartera arbeidarar.

Hilde Vormedal Nybø

Kværner har kontakta Stord kommune om behovet for husrom for fleire arbeidarar.

– Sommaren 2017 fekk me godkjent seks mellombels riggar. Seinare er tre stk. av desse fjerna, medan tre framleis er i bruk. Me har no trong for å reetablera dei tre som er fjerna, i tillegg til to stykk på andre sida av vegen, der det også tidlegare har vore plassert riggar, skriv Hans Aarbø i driftsavdelinga til Kværner Stord.

Han ønskjer også informasjon om korleis sakshandsaminga for å få etablert riggane blir.

Skal husa 800

Odd Naustdal, kommunikasjonssjef i Kværner, seier at dei i utgangspunktet ønskjer fire bustadriggar.

– Men me søkjer om fem for å ha mogelegheita for ein til dersom behov, seier Naustdal.

Brakkeriggane har 44 rom kvar, og totalt vil fire riggar gje 176 fleire rom. Med det vil leirkapasiteten frå medio februar bli i underkant av 800, mot 610 i dag. Kvar av bustadriggane har eit areal på snaue 400 kvadratmeter

TRAVELT
TRAVELT: Kommunikasjonssjef Odd Naustdal fortel at dei går ein travel periode med mykje aktivitet i møte. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN / arkiv

Les også: Kværner feira starten på jubileumsåret

Travelt

Kværner Stord har ein travel periode framfor seg.

– Me har auka aktivitet i prosjekta i perioden som ligg framfor oss. Me er inne i ein travel periode i Njord, med stor installasjonsaktivitet. Me får også inn prosessplattforma til Johan Sverdrup på eit kort oppdrag, og me har så smått starta på bygginga av modular til Johan Castberg og ein stor tilleggsmodul til stigerøyrsplattforma til Johan Sverdrup, seier Odd Naustdal.

Han fortel at det vil vera 2.000 personar eigne, leverandørar og innleigde i sving innanfor portane.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut