annonse

Kværner vurderer å utvida kaien

Nytt kaianlegg
Nytt kaianlegg: Slik vil det nye kaianlegget på Kværner sitt verftsområde sjå ut. Den endelege investeringsavgjerda er enno ikkje teken. (Foto: KVÆRNER / ILLUSTRASJON)

Kværner jobbar med å oppgradera kaifasilitetane på Kjøtteinen, for å stå betre rusta i kampen om framtidige oppdrag.

Magne Kydland

Bakgrunnen for planane er ein olje- og gassmarknad i endring, opplyser adm.dir. Steinar Røgenes til Kværner sitt årlege internmagasin, Systemposten.

– Kværner trur at me vil sjå ein auke i prosjekt for arktiske strøk og djupt vatn dei neste åra. Dette vil medføra ein auke i etterspurnaden etter flytarar (FPSO-er), både skipsforma og sylinderforma. Utvida kai-fasilitetar på Stord vil kunne styrke konkurransekrafta til Kværner i møte med denne marknaden, seier Røgenes til internmagasinet.

Mange føremoner

Ifølgje investeringsforslaget er planen å etablera eit samanstillingsområde for FPSO-ar på verftet på Stord. Forslaget er då å bygga ein ny 300 meter lang kai frå dokkporten og vestover langs området kor det i dag er parkeringsplass, i tillegg til forlengje kransporet til «Storen».

– Ei slik oppgradering vil gje ein langt større samla kai-kapasitet. Med forlenginga av kransporet, vil ein stor del av den nye kaien i tillegg vera dekka av Storen, noko som vil medføra store innsparingar i kran- og lekterleige. Ein fast kran, i motsetnad til ein innleigd, er meir driftssikker og mindre utsett for vêr og vind, står det å lesa i artikkelen.

Ein mogeleg ny kai vil også kunne ha andre føremoner. Kaien vil kunne bli eit nytt innlastingsområde for modular frå underleverandørar. Det kan vera eit alternativt innlastingsområde for strukturar som skal demolerast, og det aukar den totale kapasiteten ved verftet til å kunne jobbe med fleire plattformdekk i parallell.

– Ei kai-utviding av denne typen vil vera ei stor investering i anlegget på Stord. Sjølv om ei avgjersle vil vera avhengig av framtidige kontraktstildelingar, så har me starta planleggingsarbeidet, slik at prosjektet er gryteklart så snart eit eventuelt klarsignal blir gitt, seier Røgenes til Systemposten.

Kommunikasjonssjef Odd Naustdal ønskjer ikkje å kommentera saka utover det Røgenes alt har uttalt til internmagasinet. Dette fordi at det ikkje er teke noko investeringsavgjerd enno.

Reknar på oppdrag

Steinar Røgenes uttalar også, i ein annan artikkel, at forbetringsarbeidet ved hjørnesteinsverksemda held fram, og at ein nærmar seg ein fastpriskultur. Det vil seia at ein uavhengig av kontraktsmodell skal jobba på ein slik måte at kunden veit kva dei får, og kva det kostar.

Til slutt i artikkelen, der Røgenes ser tilbake på dei viktigaste milepålane i 2017, skriv han at sjølv om aktivitet på verftet for tida er stor, så treng dei fleire kontraktar.

– Prosjekta som skal gje oss aktivitet etter Johan Sverdrup og Njord må vinnast i nær framtid. Det vert jobba med mange spennande tilbod, skriv Røgenes – som ikkje legg skjul på at han har god tru på framtida.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut