annonse

«Kvifast» kan bli løysinga

Står saman
Står saman: Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe (t.v.), Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø og Stord-ordførar Gaute S. Epland sende onsdag ut felles pressemelding der dei skriv dei vil jobba saman for sørleg kryssing av Langenuen, kombinert med ferjefritt samband til Kvinnherad, via Huglo. (Foto: Marius Knutsen / arkiv)

Vil jobba for fastlandssamband til Kvinnherad.

Magne Kydland

Ordførarane i Stord, Tysnes og Kvinnherad samarbeider for sørleg kryssing av Langenuen og vil greia ut framtidig ferjefritt samband mot Kvinnherad

Sunnhordland ventar på vedtak av statleg kommunedelplan for nye E39 Stord-Os, der mellom anna kryssing av Langenuen vert valt. For Sunnhordlandsregionen er det viktig at arbeidet med realisering av Hordfast har framdrift, og eit vedtak av kommunedelplanen er viktig for å kunna starta arbeidet med finansiering og regulering.

– Ordførarane i Stord, Kvinnherad og Tysnes var sist veke i Oslo, der me i møte med politisk leiing i Samferdsledepartementet la fram ein ny rapport utarbeida av Norconsult for Sunnhordlandssambandet A/S. Rapporten er vedlagd, og syner utrekning av trafikantnytte etter Statens vegvesen sine modellar ved val av sørleg kryssing av Langenuen. Tala i rapporten er føresett eit framtidig ferjefritt samband mot Kvinnherad. Samfunnsnytten av brusamband over Langenuen vil auka monaleg dersom ein vel sørleg kryssing og i framtida får på plass eit ferjefritt samband mot Kvinnherad. I så tilfelle kjem sørleg kryssing vesentleg betre ut enn midtre kryssing. For dei tre ordførarane, som alle har samrøystes kommunestyrevedtak bak seg i spørsmålet om kryssing av Langenuen, var det viktig å få møta den politiske leiinga i Samferdsledepartementet og leggja fram rapporten før regjeringa treff vedtak, skriv Gaute Straume Epland (Ap), Peder Sjo Slettebø (H) og Kåre Martin Kleppe (H) i ei felles pressemelding sendt ut onsdag ettermiddag.

– Framtidsretta

Dei tre ordførarane viser til at betre kommunikasjonar internt i Sunnhordland er ei viktig sak for alle kommunane. Særleg er det viktig for regionen at dei to største kommunane Stord og Kvinnherad vert knyta tettare saman. Utan eit betre samband mellom Husnes og Leirvik er det fare for at tunge regionale funksjonar kan forvitra. For dei to regionssentera Leirvik og Husnes er betre kommunikasjonar og styrkja samhandling heilt avgjerande for å sikra den utviklinga kommunane ynskjer for sine senter.

– I lys av dette pågår det no eit omfattande arbeid med ein interkommunal plan for nytt og kortare ferjesamband mellom Stord og Kvinnherad. Denne prosessen må halda fram. Ordførarane ser likevel at det mest framtidsretta er eit ferjefritt samband. Realisering av Hordfast kan opna for dette, og dei tre ordførarane ynskjer difor parallelt med at ein arbeider for eit betre ferjesamband, gjer eit grundig utgreiingsarbeid av eit ferjefritt alternativ.

«Kvifast»

Ordførarane har difor teke initiativ til eit innleiande møte med vegeigar Hordaland fylkeskommune for å drøfta korleis eit utgreiingsarbeid bør gå føre seg.

– Ordførarane ynskjer å ta utgangspunkt i eit tenkt flytebrualternativ over Husnesfjorden mellom Sundeområdet og Huglo. Denne løysinga er skissert av private verksemder i regionen som arbeider for framtidig ferjefritt samband. Dette konkrete alternativet er omtala i Kvinnheringen 13.06.18 som «Kvifast». Ordførarane vil likevel vera tydeleg på at også alternative trasear for ferjefri fjordkryssing må vurderast i eit utgreiingsarbeid, skriv dei i pressemeldinga.

For å få på plass eit ferjefritt samband mellom Kvinnherad og resten av Sunnhordland er det mange føresetnader som må på plass, og føremålet med å no starta eit utgreiingsarbeid i offentleg regi er å slå fast om føresetnadane er til stades eller ikkje. Avgjerande føresetnader er mellom anna kva potensial som ligg i ferjeavløysingsordninga. Vidare må trafikkgrunnlaget avklarast, og det må utarbeidast grundige kostnadsoverslag. Dersom ein i utgreiingsarbeidet finn at føresetnadane er til stades, det vil sei at kombinasjonen av ferjeavløysingsmidlar, bompengepotensial og eventuell annan finansiering strekk til for å realisera eit ferjefritt samband, vil eit neste steg i prosessen vera vidare naudsynt utgreiing av løysingsalternativa og deretter oppstart av kommunedelplan.

Ber om støtte

Ordførarane ynskjer no å starta naudsynt utgreiingsarbeid med føremål å avklara om ein kan realisera det mest framtidsretta for regionen, nemleg eit ferjefritt samband med god tilknyting både til nye E39 og også internt i Sunnhordland.

– Med omsyn til det siste er sørleg kryssing av Langenuen avgjerande viktig. Ordførarane strekar under at utgreiingsarbeidet som no tek til vil gå føre seg parallelt med vidare arbeid for eit kortare ferjesamband. Dette for å sikra at ein uansett innan rimeleg tid kan få på plass eit betre samband mellom Stord og Kvinnherad til beste for dei to kommunane og heile Sunnhordlandsregionen. Ordførarane vil be sine respektive kommunestyre om tilslutnad til oppstart av eit utgreiingsarbeid, skriv dei tre ordførarane.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut