annonse

Kvinne i 50-åra mista livet

ULUKKE
ULUKKE: Kvinne i 50-åra omkom. (Foto: Ole Alexander Saue)

Tragisk utfall etter trafikkulukke på Bømlo torsdag kveld.

Marius Knutsen

Då klokka var 17.36  fekk politiet ei melding om ei stygg utforkøyring ved Rubbestadneset på Bømlo.

– Då ringde vitne oss. Dei hadde sett ein bil køyra gjennom støyskjermen på staden og ut i grøfta, seier operasjonsleiar ved Sørvest politidistrikt, Tore Frøyland-Jensen.

Sjåføren var ei kvinne i 50-åra. Ho var den einaste i bilen. 

Alle naudetatar rykka ut til Bømlo. Då politiet kom til staden, var allereie ambulansepersonell og brannmenn på staden og arbeidde på ulukkesstaden. 

– Skadene var så alvorlege at førstehjelpsarbeidet blei avslutta på staden, held Frøyland-Jensen fram.

Kriminalteknikarar og ulukkesgruppa til Statens vegvesen kjem til å arbeida på ulukkesstaden utover kvelden.

– Me veit endå lite om hendelsesforløpet, seier Frøyland-Jensen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.