annonse

Kvinne mistenkt etter dødsfall

Kritisk
Kritisk: Patrick Lundevall-Unger er kvinna sin advokat. Han er kritisk til korleis politiet har opptredd ovanfor kvinna. (Foto: PRIVAT)

Ei kvinne har status som mistenkt etter at to menn blei funnen døde i same badstu med eitt års mellomrom.

Hilde Vormedal Nybø

Dei to mennene er funnen i badstu på kvinna sin gard i Sveio kommune.

Mistenkjeleg

Saka som no er under etterforsking som eit mistenkjeleg dødsfall, gjeld ein venn av kvinna. Han blei funnen død i juli 2017.

– Klienten min har status som mistenkt i saka, seier Patrick Lundevall-Unger, som er kvinna sin advokat til Sunnhordland.

Lundevall-Unger har vore engasjert som advokat for kvinna sidan det første dødsfallet. I juli 2016 blei kvinna sin ektefelle funnen død i same badstu. Dette forholdet blei etterforska av politiet, men saka blei lagt bort.

Sjølvmord

– Slik eg ser det var dette første dødsfallet utan tvil eit sjølvmord, seier Lundevall-Unger.

Når det gjeld det siste dødsfallet så ynskjer ikkje advokaten å seia noko om kva omstenda rundt dette.

Det var Dagbladet som først skreiv om saka om politiet sin etterforskning av dødsfallet.

– Den siste saka er koda som eit mistenkjeleg dødsfall og politiet etterforskar saka, seier Marthe Engesli Lysaker, som er påtaleansvarleg jurist i saka, til Dagbladet.

Frustrert

Sunnhordland har vore i kontakt med kvinna som er mistenkt. Ho er frustrert, og føler seg feil behandla av politiet. Ho meiner at politiet også held tilbake informasjon ovanfor ho og advokaten hennar.

– Eg er kritisk til korleis politiet har handsama min klient, seier advokat Lundevall-Unger.

Han peikar mellom anna på at klienten ikkje har norsk som morsmål, men ikkje har fått bistand om hjelp.

– Ho har også sete i timelange avhøyr utan å få opplyst at ho har krav på advokat, seier advokaten.

Det var kvinna sjølv om fann begge dei to mennene døde i badstua. Ho seier til Dagbladet at ho meiner det ikkje har skjedd noko kriminelt ved nokre av dødsfalla.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut