annonse

– Lad telefonen, finn fram lommelykt og ved

Flaum
Flaum: Slik såg det ut i Leirvik sentrum i ettermiddag. (Foto: Anita Haugland)

Haugaland Kraft er oppbemanna som følgje av stormen.

– Me følgjer situasjonen nøye og har oppbemanna driftssentralen vår, seier Gunn Margareth Lassesen, direktør for kommunikasjon og kundetenester i Haugaland Kraft, til Sunnhordland i kveld.

Det er sendt ut ekstremvarsel for uvêret som har fått namnet «Aina».

– Når det er så sterk vind må me også ha i tankane at det kan vera fare for liv og helse for våre montørar, seier Lassesen.

Ho har ei klar oppmoding til innbyggjarane.

– Me ber folk om å halda seg heime, lada telefonen og finna fram lommelykter. Dei som kan fyra bør gjerne finna fram ved òg, seier Lassesen.

Les også: Krevjande forhold i store delar av landet

Har du tips? Kontakt oss på telefon 98242030 eller send ein e-post til redaksjonen@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut