annonse

Laga eige olabilløp

Finalen
Finalen: Her er Thea Gjerden klar til å senda finalefeltet av garde. (Foto: PRIVAT)
Deltakarar:

Oppgjer i olabil i byggjefeltet Høvringevikjo på Bømlo.

  • Redaksjonen

– Det var Vebjørn og Åshild som fekk ideen frå far til Åshild, Steinar Kjerpeseth. Dei syntest det høyrtes knallgøy ut, og laga plakatar som dei hengde opp på postkassestativa i feltet, fortel Margunn Hamre Vassdal i ein mail til Sunnhordland.

Før løpet har det vore hektisk byggjeaktivitet i fleire garasjar. Totalt 8 bilar blei bygde og ungane har stått for det meste av bygginga sjølv.

– Dei vaksne stilte som veivakter, med bakverk og som heiagjeng. Eldste deltakar Tim Vassdal, bygde bilen i løynd, og overraska ungane når han stilte til start. Det var til saman 50–60 frammøtte, og då er detta eit lite felt med ca. 40 hus, skriv Vassdal.

Løpet blei slik at 2 og 2 bilar køyrde i lag, og den beste av dei gjekk vidare. Til slutt sto 3 bilar igjen i finalen: Aron Mæland, Eirik Sjo Hollund + Oskar Vik Monsen, og Tim Vassdal + Kjartan Bjerke. Aron blei vinnaren, medan Elisabeth Røksund fekk premie for kulaste bil. Og arrangementet har gjeve meirsmak.

– Det er planar om at dette skal bli ein årleg tradisjon, skriv Vassdal i mailen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut