annonse

Lågare enn snittet i fylket

I arbeid
I arbeid: Sunnhordlendingar er i arbeid om dagen. I årets ellevte månad er det ny nedgang i talet på arbeidslause. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Dei siste tala over arbeidsmarknaden i Sunnhordland viser nedgang på 34 prosent samanlikna med same tid i fjor.

Vidar Hope

Alle kommunane i regionen kan visa til nedgang.

– Det er ei gledeleg utvikling. Størst prosentvis nedgang i arbeidsløysa er det i kommunane med høgast folketal, Stord (-192 personar), Bømlo (-87 personar) og Kvinnherad (-86 personar). Me legg merke til at det er færre ledige personar med bakgrunn frå ingeniør- og IKT-fag, samstundes som det er vesentleg fleire utlyste stillingar for denne yrkesgruppa no enn det var i november, skriv Sindre Vikanes, marknadskoordinator i Nav Sunnhordland.

2017 ser altså ut til å bli eit godt år for arbeidsmarknaden i Sunnhordland. Lokale bedrifter er konkurransedyktig i ein krevjande marknad og at det er god aktivitet innan fleire næringar.

– Det visar igjen på arbeidsløysa. Sunnhordland har lågare arbeidsløyse enn gjennomsnittet for Hordaland. I november 2017 var arbeidsløysa 2,4 prosent av arbeidsstyrken (731 heilt arbeidsledige personar). Dette er ein nedgang på 34 prosent i forhold til i fjor på same tid (-392 personar), skriv Vikanes.

For Hordland fylke er arbeidsmarknaden tilbake på 2015-nivå.

I november var arbeidsløysa i Hordaland på 2,7 prosent av arbeidsstyrken, som er ein nedgang på 1.977 personar i høve til same tid i fjor. Situasjonen i arbeidsmarknaden er tilbake på same nivå som då nedgangen råka Vestlandet i 2015.

– For tiande månad på rad går arbeidsløysa ned i Hordaland. I november 2017 sokk den sesongjusterte arbeidsløysa med 159 personar samanlikna med oktober. Tar me med dei som er i arbeidsmarknadstiltak, har me ein nedgang på 278 personar (-2,7 prosent), står det i ei melding frå Nav Hordaland.

Vestlandsindeksen: Optimismen er tilbake

Fylkesdirektør Anne Kverneland Bogsnes er glad for at den positive utviklinga held fram i arbeidsmarknaden.

– Me har endå ein månad bak oss med fallande arbeidsløyse i Hordaland. Utviklinga er gledeleg med tanke på at me normalt brukar å sjå ein auke på denne årstida. Me er tilbake på same nivå i marknaden som i 2015 då den førre nedgangen starta, seier Kverneland Bogsnes.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut