annonse

Lakseselskap melde til politiet

Laksejuks
Laksejuks: To tilsette i eksportselskapet Ocean Quality AS er suspenderte, etter at ein tilsyn hjå Bremnes Seashore i januar avdekte juks med dokument, og at laks med sjukdommen PD har blitt eksportert til Kina. Ocean Quality er salsselskapet til Bremnes Seashore og Grieg Seafood. Biletet er frå Bremnes Seashore sitt anlegg i Øklandsvågen på Bømlo. Illustrasjons (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Bremnes Seashore er trekt inn i eksportskandale.

Magne Kydland

– Mattilsynet mistenkjer eksportfirma og lakseslakteri for å ha eksportert laks med fiskesjukdomen PD til Kina. To tilsette i Ocean Quality AS er suspenderte, melder NTB.

31. januar tok Ocean Quality AS imot eit vedtak frå Mattilsynet om stans i all eksport av norsk laks frå selskapet til Kina, fordi Mattilsynet har fått uriktig dokumentasjon frå selskapet med omsyn til eksport av forsendingar med laks til Kina. Dette blei avdekt etter eit tilsyn hos Bremnes Seashore AS 25. og 26. januar.

Ocean Quality er salsselskapet til Grieg Seafood og Bremnes Seashore.

– Etter det Ocean Quality kjenner til, har enkeltpersonar i selskapet, i strid med retningslinjene våre, bevisst brukt opp att tidlegare eigenerklæringar. Dermed har Mattilsynet ferda ut eksportattestar på feil grunnlag. Me har dermed eksportert laks til Kina som ikkje var godkjent for Kina, seier Øyvind Fossøy, styreleiar i Ocean Quality AS i ei pressemelding som vart sendt ut tysdag ettermiddag. Han orsakar at Bremnes Seashore er trekt inn i saka.

Både eksportselskapet og lakseslakteriet Bremnes Seashore er no melde til politiet for forholdet.

– På grunn av politietterforskinga kan me ikkje uttale oss om saka. Verksemda er inntil vidare suspendert for lakseeksport til Kina, seier administrerande direktør i Mattilsynet, Harald Gjein, til NTB.

Han understrekar også at Mattilsynet no vil føre strengare kontroll av eksport av fersk laks.

Kina og Norge underteikna i fjor ein lakseprotokoll der partane blei samde om at det berre kan eksporterast laks frå oppdrettsanlegg utan mistanke eller påvising av fiskesjukdomane ILA eller PD. Kravet gjeld på oppdrettsanleggsnivå og ikkje på sone- eller fylkesnivå, skriv NTB.

Viseadm.dir. Bjarte Salomonsen i Bremnes Seashore tykkjer saka er beklageleg, men tykkjer også at det er bra at Mattilsynet har oppdaga dette.

– Alt tyder på at uriktig bruk av dokumentasjon er utført av enkelttilsette i Ocean Quality, og at det har pågått i ein avgrensa tidsperiode på nokre veker. Me har ingen informasjon som tyder på at denne saka på nokon som helst måte impliserer tilsette hos oss, men me samarbeider med politiet om å få alle fakta på bordet. Ocean Quality har nulltoleranse for å bevisst bruke uriktige dokument, og det har me også i Bremnes Seashore. Me er glade for at Ocean Quality umiddelbart sette inn tiltak, som forsterka rutinar og interne kontroller, for å hindre at noko liknande skal skje igjen. Me er også glade for at Mattilsynet har oppdaga dette, slik at Ocean Quality har fått mogelegheit til å rydde opp raskt, skriv Salomonsen i ein e-post til Sunnhordland.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut