annonse

Lang, lang rekke på Nattrutekaien

: Sju lastebilar måtte til då salt kom sjøvegen laurdag ettermiddag.
(Foto: VIDAR HOPE)
: Lasteskipet «Ingvild» hadde med seg saltet til Leirvik. Biletet er teke laurdag føremiddag.
(Foto: VIDAR HOPE)

Her blir Stord forsynt med salt til vinterføre.

Vidar Hope

Sju lastebilar stod på rad og rekke mot Nattrutekaien då lasteskipet «Ingvild» kom med salt til stordabuen. Totalt blei det levert tusen tonn med salt.
 
 
 
– Dette skipet skulle eigentleg til Eldøyane, men der var det ikkje plass. Difor blei det gjort på Leirvik, seier hamnesjef Inge Espenes på Stord.
 
 
 

 
 
Som Sunnhordland skreiv tidlegare i dag, skal dei to forsyningsskipa NSO «Spirit» og NSO «Fortune» ha Skotabergkaien på Leirvik som hamn dei neste vekene.
 
 
 
Espenes er usikker på kor det blei av saltet til slutt, men rekna med det blei køyrt til deponiet. 
 
 
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.