annonse

Låste seg inn i to timar på butikktoalett

VILLE IKKJE UT
VILLE IKKJE UT: Ein rusa mann låste seg inne på eit butikktoalett og ville ikkje komma ut. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

Nekta å komma ut.

Henrik Mundal Andreassen

Rett før ein matbutikk stengde dørene tysdag kveld fekk politiet på Stord bekymringsmelding om at ein rusa mann hadde låst seg inn på eit toalett.

Her hadde han vore innelåst i to timar, og han nekta å komma ut.

– Før patruljen kom til staden så forlét mannen toalettet og butikken. Patruljen leiter etter han, og finn han etter kvart. Han var rusa men oppførte seg greitt ovanfor politiet, og vart køyrt heim av patruljen, seier operasjonsleiar Irene Ragnhildstveit i Sør-Vest politidistrikt.

Les også: To tenåringar mistenkte for narkotikabruk

 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut