annonse

– Laurdag blir varmaste dagen

Vår
Vår: Slik såg det ut i Dåfjorden i går. Me får også fine dagar i helga, men det kan komma ein og annan regndråpe. (Foto: Eva Lise Engesund Smith / @ele.smith på Instagram)

I morgon kan me venta temperaturar på 16-17 grader.

Vidar Hope

Våren er for alvor i anmarsj. Sunnhordland vakna igjen til sol fredag morgon.

– Dagen i dag vil halda seg bra i første del, men frå ettermiddagen blir det overskya. Utpå ettermiddagen eller kvelden er det også utrygt for nokre dråpar, men det er heller lite sannsynleg, seier Gunnar Livik hos Meteorologisk institutt.

Vêret vil halda seg skya eller delvis skya også på laurdag.

– Også då kan det komma nokre drypp, og i enkelte fjordstrøk får ein austleg vind på opp mot liten kuling tidleg på dagen. Laurdag blir også den varmaste dagen i helga, og me får temperaturar på opp mot 16-17 grader enkelte stader, forklarar Livik.

På søndag, derimot, viser prognosane lett nedbør og temperaturen går ned.

– Måndag kjem fronten endå tettare på og me får nedbør. Men frå tysdag av ser det bra ut igjen og me får lovande vêr til veka, forklarar Livik.

#solblikk

Motivet i toppen er frå Dåfjorden i går, med utsyn mot Bømlo. Merk Instagram-bileta dine med taggen #solblikk. Kanskje kjem ditt bilete i avisa?

Her kan du sjå over 10.000 #solblikk-bilete

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut