annonse

Leitar etter sakna stordabu

Søk rundt stord
Søk rundt stord: RS «Sundt» og to andre redningskøyter er no aktivt ute og søker etter den sakna stordabuen. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN / arkiv)
Søkjer
Søkjer: Slik ser trackinga etter RS «Sundt» ut fredag ettermiddag. (Foto: Marinetraffic.com)

RS «Sundt» og to andre redningsskøyter er no ute og leiter etter den sakna stordabuen i 50-åra.

Hilde Vormedal Nybø

– Me er ute og søkjer på oppdrag av Hovudredningssentralen. Me skal gå rundt Stord, seier Ola Dahl Andersen på RS «Sundt».

Tre redningsskøyter

Hovudredningssentralen trappa opp leiteaksjonen etter stordabuen, som har vore sakna sidan førre torsdag i føremiddag.

– Me har no tre redningsskøyter ute. Dei går i leia der med ser føre oss at han ville gått, seier Eric Willassen ved Hovudredningssentralen.

– Dei ser etter båten eller teikn til forlis, seier Willassen.

Les også: Hobbyfotograf kjende att den etterlyste båten

Han fortel at det ikkje er nye opplysningar eller observasjonar som gjer at dei no går ut og leiter med båt.

Søkjer
Søkjer: Slik ser trackinga etter RS «Sundt» ut fredag ettermiddag. Foto: Marinetraffic.com

– Me har også hatt eit helikopter ute i Sognefjorden etter at det kom melding om flytande plast. Dette er no søkt gjennom og sjekka ut, seier Willassen.

Ønskjer tips

Når ein no går inn i helga er det truleg meir fritidstrafikk på sjøen.

– Me oppfordrar folk til å følgja med, og tipsa om dei ser båten, seier Willassen.

Les også: Familien til sakna stordabu er urolege

Den siste sikre observasjonen av mannen og skøyta «Fram» er i Granesundet i Askvoll i 14-tida torsdag, der båten ble fotografert. To personar har også observert skøyta i nærleiken av Sotrabrua på søndag.

Ingen aktivitet

 Trond Atle Sjøvoll, politiførstebetjent ved Stord lensmannskontor, fortel at dei har fått rundt 20 tips etter at dei gjekk ut å etterlyste mannen.

– Me har fått mange gode tips, som me har sjekka ut, men førebels har me ikkje fleire sikre observasjonar at sakna, seier Sjøvoll.
Han fortel at det ikkje har vore aktivert på telefonen til mannen sidan torsdagen.
– Me har også gått igjennom videoovervaking av bruer i Bergens-området, men har ikkje funnet båten, seier Sjøvoll.
Han seier at dei holder alle mogelegheiter opne med tanke på kva som kan ha skjedd med mannen.

Følg skipstrafikken i Sunnhordland her!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut