annonse

Leverer utstyr til verdas største

Stort
Stort: Color Lines nye hybridferje, med arbeidstittelen MS «Color Hybrid», vil vera utstyrt med livbåtar, MOB-båtar og davitar frå Palfinger Marine. (Foto: Ulstein Verft)

Palfinger Marine i Kvinnherad skal utstyra MS «Color Hybrid» med livbåtar, hurtiggåande MOB-båtar og tilhøyrande davitar.

Vidar Hope

Kontrakten viser verkeleg at Palfinger Marine evnar å kombinera dei høgaste tryggleiksstandardane og utmerkte tekniske løysingar med konkurransedyktige prisar, seier Robin Holmedal Pedersen, salssjef for Norge, i ei pressemelding.

I sommar markerte skjeringa av det første stålet til Color Line si nye plug-in hybridferje, MS «Color Hybrid», byrjinga på eit spennande skipsbyggingsprosjekt, står det vidare.

Det nye miljøvenlege fartøyet, som kan ta opptil 2.000 passasjerar og om lag 500 køyretøy, vil bli verdas største hybridferje når ho blir sett i drift mellom Sandefjord og Strömstad i løpet av sommaren 2019.

Heile leveransen består av fire livbåtar med tilhøyrande davitar og to hurtige MOB-båtar med tilhøyrande davitar, i tillegg til igangsetjing av systema. Kvar livbåt har ein kapasitet på 150 personar. Heile utstyrspakken vil bli levert i november 2018.

MPC 32-livbåtane er velprøvd teknologi. For å etterkomma ønskjet frå Color Line om å halda dekka så opne som mogleg, slik at passasjerane får meir plass til å rusla rundt og nyta tida si om bord, vil livbåtane bli monterte i ein davitkonstruksjon som frigjer plass under livbergingssystemet.

– I marknaden i dag, med færre tildelte kontraktar og hard konkurranse om kvar moglegheit, er dette ein stor siger for oss. Kontrakten viser verkeleg at PALFINGER MARINE evnar å kombinere dei høgste tryggleiksstandardane og utmerkte tekniske løysingar med konkurransedyktige prisar, slår Robin fast.

Les også: Oma på Stord skla byggja el-ferje

Han trur òg det langvarige forholdet til både Ulstein Verft og Color Line er faktorar som bidrog til å dra avtalen i hamn. Opp gjennom åra har Palfinger Marine levert livbergingssystem til mange av nybygga deira, og for tida har selskapet gåande ein serviceavtale med Color Line.

– Me er stolte av at både Ulstein Verft og Color Line endå ein gong har fortrudd oss ansvaret for å levera livbergingsutstyr. Begge selskapa veit at me står for høg kvalitet og framifrå service gjennom heile livssyklusen til produkta. Ved å velja Palfinger Marine vil dei òg få ei komplett pakke frå éin leverandør av dekkutstyr, ein kvalitet mange kundar i dagens marknad etterspør, seier Holmedal Pedersen.

Palfinger Marine nemner ikkje noko om kva kontrakten er verd.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut