annonse

Likte ikkje droneflyging på nasjonaldagen

Drone
Drone: Ein krangel i samband med droneflyging enda i slag i Rosendal utpå ettermiddagen 17. mai. Illustrasjons (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Det er slett ikkje alle som likar nærgåande dronar.

Magne Kydland

Droneflyging førte til krangel og spetakkel i Rosendal på sjølvaste nasjonaldagen.

Krangelen enda med at den eine parten slo den andre, og saka vil truleg bli meldt til politiet i dag, når det lokale lensmannskontoret er ope.

– Politiet har vore på staden og notert personalia, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Kva som ikkje fall i god jord i samband med dronebruken seier tweeten ingenting om.

magne@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut