Litlabø mottak blir lagt ned

– Det var ein overraskande beskjed å få, seier mottaksleiar Håkon Frode Særsten.
Torsdag var Håkon Frode Særsten og leiinga ved Litlabø mottak i møte med UDI i Bergen og la planane for neste år.
Måndag kom beskjeden frå UDI i Oslo om at mottaket for mindreårige barn på Litlabø blir lagt ned.
Dei skal driva ut mars 2018, så er det slutt.
– Overraskande, fordi me skårar høgt på alle målingar. Det er nok geografi som ligg til grunn for avgjerda, som er teken sentralt, og ikkje kvaliteten, seier skuffa mottaksleiar.
Les også: Nasratullah får vurdert saka si på ny
Då mottaket på Litlabø vart opna, var det heile 91 såkalla EMA-mottak (einslege, mindreårige asylsøkjarar) i Norge. Etter at mottaket på Litlabø er lagt ned, er det sju att. Signala går på at det skal blir ytterlegare nedskjering, til totalt fem slike mottak.
Det er for tida 31 bebuarar ved mottaket på Litlabø, som har 18,5 stillingar, fordelt på totalt 26 tilsette.
Les også: Litlabø mottak får ros frå heile landet
Sjå biletgalleri: Livet på Litlabø mottak
Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.