annonse

– Livsfarleg

Strid
Strid: Fleirtalet i forvaltingsstyret vil ha gjennomkøyring i Osen som i dag. Det har fått Statens vegvesen til å reagera. (Foto: Hilde Vormedal Nybø / arkiv)
Sterke ord
Sterke ord: Prosjektleiar Lars Tore Martinsen meiner at å halda Osen ope er å utsetja mjuke trafikantar for potensiell livsfare.
X-kryss
X-kryss: Statens vegvesen meiner at med Osen open og ny bussterminal vil komma eit uoversikteleg X-kryss. (Foto: CONSTRADA / illustrasjon)

Statens vegvesen vil ikkje godta at Osen blir opna for trafikk, og refsar Stord kommune. I dag skal saka opp i kommunestyret.

Hilde Vormedal Nybø

«At Stord kommune ønskjer å utsetta mjuke trafikantar, og særleg barn (som vil vera ein stor del av brukargruppa) for potensiell livsfare for å komma lokale næringsinteresser i møte, er ei haldning me sjeldan møter i planarbeid, og som me håpar Stord kommune som planmynde ikkje står inne for. Me vil nok ein gong gjenta at me på det sterkaste rår til ei stenging av Osen for å redusera risiko for alvorlege ulukker. Vårt standpunkt om å leggja inn ein klage på planen dersom ei opning av Osen vert med i endeleg vedtak står ved lag.»

Det er kraftsalva frå Lars Tore Martinsen i Statens vegvesen i ein e-post til kommunen onsdag, éin dag før saka skal opp i kommunestyret.

Sterke ord
Sterke ord: Prosjektleiar Lars Tore Martinsen meiner at å halda Osen ope er å utsetja mjuke trafikantar for potensiell livsfare. Foto: -

Ikkje godta

Statens vegvesen varsla Stord kommune i ein epost måndag at dei ikkje kan godta at ein vil halda Osen open. Vegvesenet meiner dersom innstillinga frå forvaltingsstyret blir vedteken, har det mellom anna skjedd sakshandsamingsfeil.

– Me rår til at forslag til vedtak blir endra før saka skal opp i kommunestyret, skriv Martinsen i ein epost til kommunen måndag.

Tysdag hadde Statens vegvesen og kommunen møte om situasjonen.

Etter møtet vedgår Martinsen at ein har sett på sikttilhøva i Osen på ny, og at ein nesten kan oppfylla siktforholda.

Men Statens vegvesen meiner at ein får eit X-kryss med Osen og den nye bussterminalen, noko som vil føra til mange konfliktpunkt.

X-kryss
X-kryss: Statens vegvesen meiner at med Osen open og ny bussterminal vil komma eit uoversikteleg X-kryss. Foto: CONSTRADA / illustrasjon

Tek hardt i

– Eg registrerer at Statens vegvesen tek hardt i. Eg ønskjer ikkje å kommentera det så mykje. Det er kanskje grunnar til å moderera seg, seier Stord-ordførar Gaute Epland (Ap).

I forvaltingsstyret vedtok fleirtalet fem mot fire innstillinga frå rådmannen, men med endringa om å opna for trafikk mot høgre i Osen.

– Eg tenkjer at å halda Osen ope var eit viktig punkt for oss for å få politisk fleirtal for miljøgata. Eg meiner det kan vera viktig å ha den mogelegheita fram til me ser trafikkutviklinga som følgje av etableringa av nye bustader i sentrum. Så registrerer eg at Statens vegvesen går i mot dette, sjølv om siktforholda er nesten hundre prosent etter boka, seier Epland til Sunnhordland før kommunestyremøte.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut